- Vi karar må bli flinkare til å prate
Surnadal Senterungdom vil ha fokus på psykisk helse, seier Surnadal Senterungdom i ei pressemelding.
Måndag hadde Surnadal Senterungdom temamøte om psykisk helse. Det var godt oppmøte, og i tillegg til dei lokale senterungdommane var også nestleiar i Møre og Romsdal Senterungdom Markus Farstad Andersen og ungdomskandidat Dordi Lerum med. Henrik Stensønes frå fylkestingsgruppa til Senterpartiet var også på besøk.
– Eg er særleg oppteken av at vi karar må bli flinkare til å prate. Vi pratar ikkje på same måte eller like opent om kjenslene våre som det jentene gjer. Likevel ligg karane øverst på sjølvmordstatistikken, seier lokallagsleiar i Surnadal Senterungdom Ørjan Møkkelgjerd.
Surnadal Senterungdom vil difor innføre tiltak som er retta særleg mot akkurat gutar og karar i kommunen. Dette kan til dømes vere å finne på sosiale ting som å ro kajakk, i staden for å sitje på ein stol inne hjå skulehelsetenesta.
– I tillegg vil vi lage fleire sosiale møteplassar slik at det er meir å finne på etter skuletid. Det må også vere tilbod som vi som går på vidaregåande kan delta i, held Møkkelgjerd som også går sisteåret på Surnadal vidaregåande fram.
Ungdomskandidat Dordi Lerum tykkjer Surnadal Senterungdom har utforma spanande ny politikk.
–Ei dårleg psykisk helse er ei av vår generasjons største utfordringar. Det er viktig at vi finn gode tiltak som vi kan setje inn lokalt, nært der folk og ungdommar bur. Det treng ikkje å vere pyskologhjelp, men til dømes fleire miljøpersonar på skulane eller fleire sosiale møteplassar etter skuletid, seier Lerum.
Her er resolusjonen som vart utarbeida i måndag, og som vil bli sendt over til Senterpartiet i Surnadal:
Senterungdomen vil ha krafttak for psykisk helse i Surnadal
Mange unge har i laupet av livet utfordringar knytt til psykisk helse. Det er det mange grunnar til.
Surnadal Senterungdom meiner at det er viktig å satse på førebygging. Vi treng sosiale møteplassar slik at det kan bli trivelegare å vere ung i kommunen vår. Vi har ein god ungdomsklubb, men vi meiner den må vere open oftare og ha betre tilbod. I tillegg opplever vi at medan ungdomsskuleelevane har mange tilbod, fell elevar på vidaregåande vekk grunna aldersgrense. Slik kan det ikkje vere!
I tillegg treng vi lågterskeltilbod innanfor psykisk helse, slik at ungdommar kan få nokon å snakke med, også utanfor skuletida.
Surnadal Senterungdom vil:
- at klubben skal vere open oftare, også for vidaregåande elevar, og at det skal vere enklare å kunne låne klubben utanom opningstidene.
- at ungdomsklubben skal få fiber.
- at det skal vere lengre opningstider i skulehelsetenesta.
- opprette lågterskeltilbod spesielt retta mot gutar. Til dømes å finne på sosiale ting som klatring og kajakk.
- ha fleire kurs for ungdom i til dømes mekking, sminke, handarbeid, vedahogst og sveising.
- prøve å få til ein avtale med Kulturhuset om å kunne henge der.