Kampsportutøvere i røde jakker står på blå matte i treningshall

Satser mot World Cup!

Fem utøvarar og to coachar skal delta på World Cup i ITF Taekwon-Do i Benidorm i september. Dette er ei dyr satsing, og no håpar gjengen på at sponsorane og eventuelt andre kan bidra litt ekstra til satsinga. Dei fem utøvarane har allerede teke på seg arbeid for firma, og er åpne for å ta på meir.

- Vi har fem utøvarar som er kvalifisert til å vera med. Ingen av dei er på landslaget i dag, men World Cup i Benidorm er ein arena der verdas fremste utøvarar møtes til dyst. Kampen om medaljer er knallhard, men det er også ein fin arena for å vise kva kvaliteter som bor i gjengen frå Surnadal, sier coach Kjell Gunnar Polden. Anders Bolme er også med som coach. Mari Fiske og Nathalie Nordlund deltek i senior svart belte, medan Ulrik og Simone Akrim deltek i junior svart. Jonas Bruvold Fiske deltek i junior rødt belte.

Ingen frå Surnadal NTN Taekwon-Do klubb har nokon sinne gått i ringen med det utgangspunktet at dei skal tape kampen. Likevel innser gjengen at dette er tøft selskap å konkurrere i. Coachane meiner likevel at det kan hankas inn ein medalje med litt klaff, både med trekking og med dagsformen. Gjengen står på med trening, og her er det ikkje snakk om å ta noko lengre sommarferie. Skal ein konkurrere i dette selskapet må ein i alle fall vera forberedt.

Vi takker våre sponsorer så langt: Sparebank1 Nordmøre, Sunndal Energi, Alti, Storvik AS, Talgø og Gjensidige.

Powered by Labrador CMS