Surnadal kunstforening ute med jubileumsbok:

Fire tiår samla mellom to permar

2. februar var det førti år sidan Surnadal kunstforening vart stifta. Jubileet blir mellom anna markert med eit hefte med glimt fra førtiåringen sitt aktive liv. Boka er ført i pennen av Eivind Hasle.

Publisert Sist oppdatert

ed utgangspunkt i protokollar, avisutklipp og private bilete har Hasle kunne gitt eit innblikk i Surnadal kunstforening sitt virke.

-Eg tykte det var artig å få oppdraget, sier Eivind Hasle. Eg er pensjonist, og har god tid. Og så har eg skrive mykje før, og vil seie at eg er ein nokså erfaren skribent.

Mandatet var å fylle 60 sider med foreininga sitt virke. Elles var rammene ganske lause. Styret hadde nokre tankar om kva dei ville ha med, og elles vart det møter etter kvart i prosessen der styret og forfattaren diskuterte seg fram til det endelege resultatet.

Hasle har leita i gamle protokollar. Særleg i årsberetningane var det mykje interessant å finne, sier han. Dei seinare åra har protokollen vorte ført på minnepinnar, etter kvart fekk og laget eiga Facebook-side ein kunne hente frå.

-Dei første to tiåra var det greit å finne stoff. Men Hasle legg ikkje skjul på at jobben hadde vore lettare om det var betre system i sakene.

-Eg anbefalte dei å rydde i arkivet, ler han.

Kvart tiår

Heftet er delt opp i tiår, fra 80-talet fram til i dag. Hasle har plukka ut ymse bidrag frå kvart tiår. Han meiner foreininga har presentert varierte utstillingar, og har vore flinke til å satse på kunstnarar frå landsdelen.

Kunstforeninga har eit årshjul der det er plotta inn faste utstillingar kvart år. Hasle estimerer at det har vorte rundt 180 utstillingar i løpet av dei førti åra. Den sprekaste satsinga, var nok prosjektet med kroppsmåling.

-Det var ikkje alle som var like begeistra for, ler han.

Skribenten har òg teke for seg kunstforeiningane si rolle og utvikling i landet gjennom tida. På 70-talet var det mellom anna ei oppblomstring av talet på foreiningar i landet.

Frå prosjektet NåDa på Åsen sommaren 2018

Viktig å syne fram

-Vi er veldig glad for å ha fått i land eit slik prosjekt, seier Anne Marie Rognskog, styremedlem i Surnadal kunstforening. Det er artig å få vist fram kva foreininga har arbeidd med. Ho berømmer Eivind Hasle for jobben han har gjort.

-Han var lett å spørre, har vore dedikert til arbeidet og veldig effektiv. Vi visste at arbeidet var i trygge hender då vi hyra Eivind, seier Rognskog.

-Vi er glade for støtta vi har fått. Både Svorka, Surnadal Sparebank, Norske kunstforeninger, Nordmøre Historielag og Surnadal kommune har støtta oss. Det er vi takksame for, vi tenkjer at det tyder på at arbeidet vi gjer betyr noko.

Rognskog vil òg skryte av firamet Eggedosis fra Kristiansund som har tatt seg av det grafiske arbeidet og sørga for trykkinga. Det har vore eit godt samarbeid med alle parter, meiner ho.

Rognskog meiner at boka kan vere interessant for mange. Det er mange bilete, og nokon kan nok finne at bilete av seg sjølv ôg, sier ho.

-Eg må også smette inn at vi gjerne tek mot fleire medlemmar, seier Rogsnskog. Det er på ingen måte slik at ein må vere utøvande for å vere med. Kontingenten er 200 kr per år, så det er ikkje nokon upris med tanke på fordelane. Vi er 75 medlemmer no. Drømmen hadde vore å komme opp i hundre i løpet av jubileumsåret.

Rognskog tykkjer det er viktig å få vise fram for ettertida kva laget har jobba med. Det har vore eit variert arbeid.

-No har vi presentert glimt frå dei første førti åra, dei neste førti får nokon annan ta seg av, ler Anne Marie Rognskog.

Boka koster 100 kroner og kan kjøpast ved utstillingsopningar, og ved å besøkje utstillinga. Ein kan ôg kontakte styret for å få kjøpt boka.

Powered by Labrador CMS