Surnadals hyllest til Pink Floyd, siste øvingshelg

Det ligg an til gåshud

Søndag var det siste fellesøving før generalprøven for Surnadals hyllest til PinkFloyd. Trollheimsporten var innom Storstuå, slo av ein prat og høyrde nokre songar, og kan med det melde om at det er berre å gle seg.

Publisert Sist oppdatert

Ein konsert med heile 27 musikantar innom scena skjer ikkje av seg sjølv. Surnadals hyllest til Pink Floyd har vore under planlegging i nære på halvanna år, og det har vore øving og anna førebuing på gang i ni månader. Produsent Rune Dalager meiner det grovt rekna er lagt ned kring 1500 dugnadstimar i dette prosjektet. Dei 15 musikarane som utgjer bandet har dette som førsteprioritet den perioden dette går føre seg, og det er ikkje snakk om å ikkje stille til øving, sjølv om fleire må reise frå andre kantar av landet.

Bandet har hatt nokre utskiftingar gjennom rekkja av hyllester, men grunnkompet er det same som i starten. Rune dreg fram dei utfyllande eigenskapane til bandmedlemmane som eit stort pluss. Musikarane komplementarar kvarandre, og Rune nemner mellom anna at songarane har ulike røyster og keyboardistar som spelar klassisk og synthbasert. Det er ei god samansetting, og sikkert mykje av grunnen til at det blir så bra, og at dei vel å fortsette. Det er stor trivsel på scena. Rune sjølv trivst i rolla som produsent, og er ikkje med på scena på denne oppsettinga, men spelte gitar på Bowie-konserten.

Mange har vore med frå starten, fleire har kome til etter kvart, men to av musikarane er debutantar på denne konserten. Gunn Astrid Hove på backing vokal og Torstein Snekvik på vokal er med for første gong. Torstein fortel at han har vore med som hjelpegut og stemd gitarar på tidlegare hyllester, så han har hatt eit innblikk. Dei tykkjer begge det er veldig stas å bli spurt om å vere med.

Debutantar som i følgje produsenten verkeleg ikkje skjemmer laget
Gunn Astrid og dei andre bacing-vokalistane skin av songglede på scena.
Torstein i ny rolle som får fram gåshud og tårer i augene. Meir proff enn han forstår sjølv, hevdar produsenten.

Rune fortel at det er mykje både musikalsk og administrativt arbeid utanom det vi ser på scena. Mykje av det musikalske ansvaret er delegert til Rolf Paulsen denne gongen. Rolf har, i tillegg til å ha ansvar for musikken, og arbeidd med det kunstnariske elles. Pink Floyd er kjend for show med mykje lyseffektar, lydeffektar, bilde og filmsnuttar frå på scena. Surnadals hyllest er sjølvsagt ikkje dårlegare, og Rolf har sett saman nokre filmar tilpassa dette showet. Alt er sydd saman til minste sekund, og det er muleg det blir lokale variantar som overrasking.

Rolf Paulsen med nytrykt plakat.

Den flotte plakaten vi snart kjem til å sjå på alle oppslagstavler, er og laga av Rolf. Den kom fersk frå trykken levert av Roald Boge da Trollheimsporten var innom. Plakaten er veldig detaljrik med detaljer frå fleire Pink Floyd-album.

Rett frå trykken, levert av Roald Boge.
Rolf fortel at det har gått med nokre timar på å pusle med plakaten, og det har vore mange revisjonar. Han driv med dette berre på hobbybasis, men har laga platecover til nokre lokale artistar.
Kunstnarleg finurleg eller beskjeden? Rolf har gøymd signaturen slik at ein må skikkeleg tett på for å sjå han.

Ei slik oppsetting er eit samspel mellom artistane og publikum. Dei har fått gode tilbakemeldingar på alle hyllestene dei har gjort, både i media, frå kjentfolk og framande. Det gjer at dei kanskje kjenner i overkant mykje forventning, men det er og det som driv dei vidare, og gjer at dei har eit ønskje om å prestere betre og fornye seg kvar gong.

Sjølv om dette er andre gongen dei hyllar Pink Floyd, blir det på ingen måte ei reprise frå sist. Repertoaret og produksjonen er betydeleg endra. Dette skal vere den siste i rekkja av ‘Surnadals hyllest til..’, men på spørsmål om dei verkeleg klarer å gje seg med dette blir Rune uvanleg stille ei stund før han seier: «Ingen kommentar».

Vi minner om at det er nokre få ledige billettar!

Stein Boge på el-gitar.
Halvor Drøpping syng med stor innleving.SSS
Brage Einum på tagentar.
Torbjørn Kvande er ein stødig bassist.

Produksjonen ønskjer å takke sponsorane sine, utan dei hadde det ikkje vorte noko hyllest:

Sparebank1 Nordmøre, samt Gjensidige Surnadal Heim og Tingvoll, Sparebank 1

SMN, Surnadal kommune, Braatthallen AS, Surnadal Kulturhus, Surnadal

Lastebilverksted og Talgø MøreTre AS.

Teknisk leverandør: Bratthallen LIVE v/ Vegard Hoel og Stian Aune.

Musikarane:

Slagverk: Oddbjørn Sponås

Perkusjon: Frank Hannasvik

Bass: Torbjørn Kvande

Piano og synthesizer: Brage Kristian Einum

Orgel og synthesizer: Rolf Paulsen

Gitarer: Stein Boge, Jøran Normann og Ola Langli

Saksofon: Christian Cuadra

Backing Vocals: Astrid Hyldbakk, Lisa Botterli Flostrand og Gunn Astrid Hove

Vokalsolister: Halvor Drøpping og Torstein Snekvik

Powered by Labrador CMS