Kommunestyremøte i Surnadal

Kommunestyremøtet torsdag blir avvikla på Teams.

Vedtok busetting av fleire flyktningar

Torsdag vedtok kommunestyret i Surnadal å busette fleire flyktningar i 2022.

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektøren foreslo i si innstilling at kommunestyret imøtekjem Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) si oppmoding om å busette 24 flyktningar i 2022. Dersom busettingsbehovet aukar i løpet av året kan Surnadal kommune vere i stand til å busette opp til 30 flyktningar i 2022, heiter det og i innstillinga.

Olav Bergheim, som er einingsleiar for vaksenopplæring og integrering i Surnadal, fortalte om integrering av flyktningar generelt i Noreg, og om erfaringane lokalt i Surnadal. Han påpeikte at hjelp frå frivillige er svært viktig i integreringsarbeidet, både frå kyrkja, frivillege organisasjonar og privatpersonar.

Bergheim fortalte at mange som har kome som flyktningar til Surnadal har teke utdanning og fått fast arbeid i lokalt næringsliv og i kommunen, særleg innan helse og omsorg. Fleire av dei har og kjøpt bolig i kommunen.

Olav Bergheim (Ap) var kjent inhabil i behandlinga av saka.

Anett Ranes (Ap) og Jorid Aarvåg (Ap) støtta kommunedirektøren si innstilling om å ta imot 24 flyktningar.

Nils Petter Tonning (Frp) sa at Surnadal Frp er glad for å ta imot flyktningar, men at dei meiner at 24 personar er for mange. Han la fram forslag om å halvere antalet til 12 flyktningar. Dette begrunna han med begrensa tilgang på kommunale boligar og at det må vere nok arbeid til alle.

Bernt Venås (Sp) sa at han er sterkt uenig med Tonning. Han sa at dei som kjem som flyktningar treng hjelp, og for han er det hovudmotivasjonen, men Surnadal treng flyktningane. Det er med anna behov for arbeidskraft, særleg innan helse og omsorg. Vi har mykje å lære av flyktningane, og dei har noko å lære av oss, og vi skal møte dei på ein god måte, sa han.

Fremskrittspartiet sitt forslag fekk to stemmer, og kommunedirektøren si innstilling vart dermed vedteke mot to stemmer.

Powered by Labrador CMS