Annonse
ANNONSE - Surnadal kommune melder:
Vi har ledig 3 stk. avtalar om veterinærvakt for 1 år, gjeldande frå 01.01.2024.
Ledige avtalar om veterinærvakt
Vaktordninga dette gjeld er i området Surnadal kommune unntatt Øvre Surnadal, og i delar av Heim, tidlegare Halsa kommune. Det kan bli aktuelt å forlenge avtalane med 1 år til, slik at det totalt blir 2 år.
Kommunane Surnadal, Rindal og Heim samarbeider om vakta og har ansvaret for å ha veterinærar på vakt utanom vanleg arbeidstid. Vakta vart utlyst for 3 år sidan, no kan vaktavtalane forlengast med 1 år og eventuelt 1 år til, før vi skal ha ny anbodsrunde.
Veterinærar som søker må beherske norsk språk, munnleg og skriftleg.
Søknadsfrist: 4. oktober 2023.