Tre menn og fire kvinner som står ved siden av hverandre og peker mot kamera. Alle smiler. Bak dem er to roll-ups med slagord for Surnadal kommune.
F.v: Assisterande rektor Surnadal barne- og ungdomsskule Bjørn Høivik, kommunalsjef samfunn Karin Halle, arkivleiar Sigrid Janne Moen, einingsleiar i teknisk drift Johan Kenneth Mogstad Åsenklint, rådgivar Anne Lise With Vullum, digitaliseringsansvarleg Pål Ranes og einingsleiar i heimetenesta Annett Ranes.

Kartlegging: Surnadal kommune spør innbyggarane om råd

Publisert

Ei tverrfagleg arbeidsgruppe under leiing av kommunalsjef Karin Halle, skal i løpet av våren utarbeide kommunikasjonsstrategi for intern og ekstern kommunikasjon i Surnadal kommune. Kommuneleiinga har bestilt ein slik kommunikasjonsstrategi som eit av fleire verktøy for vidareutvikling av tenestene våre og for best muleg tilrettelegging av informasjon og kommunikasjon med innbyggarar og andre med tilknytning til kommunen.

Alle med folkeregitrert adresse i Surnadal kommune skal no ha fått ein e-post frå kommunen med helsing frå kommunedirektør Knut Haugen og ordførar Margrethe Svinvik, med ei lenke til ei digital kartlegging der vi spør innbyggarane til råds. Korleis når vi fram med informasjon? Korleis når du oss? Korleis opplever du kommunikasjonen med kommunen din? Brukar du dine mulegheiter til å delta og påverke? Er det noko du saknar? Kort sagt – vi ber om ris og ros til felles beste 😊

No er det om å gjere at så mange som muleg sett av nokre minutt til å svare på kartlegginga. Det er også viktig at dei som er fornøgde med rikets tilstand svarar, slik at vi ikkje brukar ressursar på tiltak som ikkje er representative. Vi treng svar frå alle i alle aldrar. Du svarar heilt anonymt. Det er kjempeflott dersom dei unge kan trå til som digitale vertar og hjelpe familiemedlemmar som ikkje er digitale brukarar til å svare. Ved behov vil vi også vurdere alternative tiltak slik at flest muleg får mulegheit til å svare.

Les meir og svar på innbyggjarundersøkinga på Surnadal kommune si heimeside:

Korleis kan kommunen kommunisere betre med deg?

Powered by Labrador CMS