Surnadal kommune melder:

Kommunevåpen Surnadal

Informasjon om namnesaker i Surnadal

Surnadal kommune har nyleg vedteke nokre namn og gjenopnar sak om namn på vegar på Nordmarka.

Vedtak – nye namn
Surnadal kommune har fatta følgjande vedtak på namn:

Sletta (grendenamn, Settemsdalen)
Slettavegen (vegnamn, Settemsdalen)
Oppistuvegen (vegnamn, Glærem)
Vargøya (adressenamn)

Vedtaka kan påklagast av offentlege organ, lag med særleg tilknyting til namnet og Kartverket. Klaga skal vere grunngjeve.

Ev. klage må vere motteke seinast 8. juni og skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Gjenopning – vegar på Nordmarka
Surnadal kommune har tidlegare vedteke namn på vegar på («vestre/midtre») Nordmarka. Desse vedtaka er påklaga da nokre partar meinte dei ikkje vart involverte i prosessen og er usamde i vedtaket. Kommunen har difor gjenopna saka, slik at desse og andre partar kan få kome med sine innspel før ev. nytt vedtak blir fatta.

Det gjeld alle vegane frå fylkesvegen over Nordmarka fram til Austre Nordmarksvegen ved Krokvatnet («Ytre Nordmarksvegen», «Solåsvegen» og «Måvatnet»).

Ein finn namna ved å gå inn på https://kartverket.no/til-lands/stadnamn/sok-stadnamn-i-kart og så trykke på «Søk på stadnamn».

Lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet blir rekna som part i slike saker. Det kan i dette tilfellet t.d. vere veglag, grunneigarlag, hytteeigarorganisasjonar og historielag. Har andre med tilknyting innspel, tek ein også mot desse.

Frist for å kome med grunngjeven uttale er sett til 21. juli og den skal sendast til post@surnadal.kommune.no, eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Powered by Labrador CMS