Surnadal kommune:

Siv Anette Aune Reiten og Olav Bergheim bistår i busettinga av flyktningar i Surnadal kommune.

Har du ledig husrom og varme klede til flyktningar?

Surnadal kommune tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt. Så langt i år har vi busett 72 flyktningar i kommunen og vi er veldig takknemlege for den hjelpa og velviljen vi tidlegare har fått frå privatpersonar, både når det gjeld husrom, klede og anna praktisk hjelp.

Det vi dessverre ser, er at den urolege situasjonen i Europa ikkje går over med det første.

Vi har no stor pågang og treng fleire bustader til flyktningar frå Ukraina og andre stader i verda. Bustad kan bety eit rom, ei leilighet, eit hus eller ein fritidsbustad. Det er veldig fint om utleigebustader er fullt møblert, men vi ønskjer også å leie umøblerte. Det blir lett uoversiktleg dersom vi må administrere/ ha oversikt over delvis møblerte bustader, så vi ser helst at desse enten er fullt møblerte eller umøblerte.

Her kan du registrere ledig husrom

Dersom du har ein bustad/husrom å tilby for utleige, ber vi deg om å fylle ut registreringsskjemaet under. Vi tek kontakt med alle som registrerer seg for vidare dialog og vurdering av bustaden.

Registrer ledig husrom

Har du vinterklede til barn?

Vi treng alt av ullklede, utedressar, cherroxar og gode vintersko til barn. Det vi tek i mot må vere heilt og reint og ha ein kvalitet du ville kledd opp eigne barn i.

Her kan du levere

Det blir innsamlingsaksjon for levering av klede og sko på Frivilligsentralen, onsdag 30. november kl. 16.00 - 18.00.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS