Førebels årsrekneskap for Surnadal Kommune:

Fra venstre: kommunedirektør Knut Haugen, økonomisjef Martha Torvik og ordfører Margrethe Svinvik

Godt fornøgde med solid resultat

Surnadal kommune kan legge fram eit foreløpig årsrekneskap for 2020 med eit netto driftsresultat på 8,9 mill., som er betre enn på fleire år. Tilsvarande tal i 2019 var eit negativt resultat på 16,0 mill.

Publisert

Netto driftsresultat på 8,9 mill tilsvarar ca 1,5% av samla brutto driftsinntekter.

Dette gode årsresultatet gjer at Surnadal kommune kan fylle på disposisjonsfondet med 4,2 mill. kroner. Samla er disposjonsfondet på 12,8 mill kroner ved inngangen av 2021.

Prognosen etter 3. kvartal var eit resultat omkring null, men det var fleire forhold som gjekk i vår retning i siste del av 2020. Både rammetilskotet og skatteinntektene vart høgare enn budsjettert, samtidig som lågt rentenivå (lågare enn budsjettert), mindre pensjonskostnader og redusert arbeidsgiveravgift (som følge av pandemien).

Kommunedirektør Knut Haugen og økonomisjef Martha Torvik er godt fornøgd med det solide resultatet. Resultat gjer at vi at har eit langt betre utgangspunkt for arbeidet inn i 2021, der vi må fortsette med å ta ned driftsnivået, god økonomistyring og ikkje minst kontinuerleg utviklingsarbeid med fokus på smarte arbeidsmåtar og nye løysingar.

Den underliggende drifta framleis viser eit meirforbruk, og vi må også påpeike at dei inntektene vi fekk inn mot slutten av 2020 er å betrakte som eingongsmidlar, som vi ikkje kan pårekne å få seinare år.

I starten av 2020 måtte vi justere budsjettet for nokre eininingar, med tilsaman 13 mill. kroner. Men spesielt i 2. halvår har einingane gjort eit svært godt arbeid med økonomistyring, og dei tilsette fortjener ros for responsen på den utfordringa vi stod i – og det arbeidet som er nedlagt med å innføre gode tiltak for å redusere kostnader.

Kommunedirektøren vil også påpeike at det har vore godt samarbeid med kommunestyre og politisk leiing, med felles forståing for situasjonen og nødvendige tiltak.

Powered by Labrador CMS