Surnadal kommune melder:

Influensa­vaksinering i Surnadal 2021

Årets influensavaksinering vil gå føre seg ved Surnadal kulturhus. Du kan bestille deg time ved å gå inn på www.c19.no, Influensavaksinering.

Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende epost til : vaksine@surnadal.kommune.no, eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom kl. 09.00- 11.30.

Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene og alle frå og med fylte 65 år desse dagane.

Andre kan bli vaksinerte via fastlegen sin eller på apoteket. Viser også til Surnadal kommune si heimeside, www.surnadal.kommune.no

Prisar: Influensavaksina er gratis i år. Pneumokokkvaksine (begrensa antal) kr. 170,- .

Betaling kun med kort og vipps!

For at vaksineringa skal bli gjennomført lettast muleg, er det ønskjeleg med t-skjorte eller anna tilpassa bekledning på overkroppen.

Det er ikkje lenger krav om munnbind. Ingen som er sjuke skal møte opp.

Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din. Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei.

Helsestasjonen

Powered by Labrador CMS