Sal av kaffe og kaker ved Bondhuset

100-årsmarkering i Stangvik

I år er det 100 år sidan Bondhuset i Stangvik vart bygd. Mandag var det ei stor markering med utstillingar i Bondhuset og orientering om gamle bustadar i Stangvik, før turen gjekk til Rønnan for både historisk- og næringsmessig påfyll. Arrangementet vart òg eit historisk tilbakeblikk på hus og kyrkjer i Stangvik, og ei påminning om dei spor brødrene Berner sette i bygda.

Publisert Sist oppdatert
Bondhuset ligg vakkert til i Stangvik

Som kjent, var det «gullkongen» Fredrik Bruseth som sytte for å få sett opp Bondhuset. Arkitektbrødrene Jørgen og Carl Berner teikna bygninga. Dei var anerkjende arkitektar i si tid, og i dag kjenner vi att namnet mellom anna på Carl Berners plass i Oslo (forøvring naboen til Engelsborg borettslag, som var kulisse for Robert Stoltenberg sitt Tertitten Borettslag i serien Borettslaget).

Dei unge arkitektane var i slutten av 20- og begynnelsen av 30-åra då Fredrik Bruseth hyra dei inn til å teikne Bondhuset. På det tidspunktet hadde dei allereie andre meritter på CVen. Blant anna hadde dei teikna «gullkongen» sin praktvilla Rønnan i Stangvika, samt huset Jaren i same bygda.

Jørgen og Carl Berner sto òg bak ei rekkje andre bygningar, mellom anna fleire kyrkjer, som Ris kirke i Oslo, Vivestad kirke i Vestforld og Rjukan kirke. Berner og Berner teikna òg Hotell Bondeheimen i Oslo. Det mest kjende oppdraget deira, er kanskje ombygginga av Det Kongelige Slott i 1906-07.

Bernerbrødrene var inspirert av den nybarokke stilen med høge tak, breie lister og rike portaler, som vi ser i inngangspartiet på Rønnan. Her finn vi òg dei karakterisktiske ornamenta over inngangspartiet.

Med måleriet Lille Ildrid vart Dorothea Follestad anteke på Høstutstillingen i 1907

Glimt frå Bondhuset

I Bondhuset fekk dei oppmøtte sjå to utstillingar. Nede var det måleri av stangvikkunstanren Dorothea Follestad. Oppe hadde Stangvik historielag samla minne frå noko av det som har foregått i Bondhuset opp gjennom åra. For det meste avisutklipp frå dei siste 30- 40 åra. Her var det mogleg for ein del stangvikingar å kjenne att både seg sjøl og andre.

Torbjørn Brøske fortalde om kyrkjehistorie i Stangvik

Programmet starta med at Torbjørn Brøske fortalde om kyrkjehistorie i Stangvik. Vi fekk vi høre om fleire kyrkjer som har stått i bygda, samt innblikk i livet til nokre av prestane som fekk kall her. Stangvik var eit stort og viktig prestegjeld på den tida, og det var rift om å bli prest i Stangvik.

I ei vandring opp i det tettbygde området kalla «byen» ga Terje Ramsøy-Halle og Marit Haugen oss innblikk i busetnad og kvardagsliv i Stangvika den tida sjøen var hovudferdselsåra, og bygda var eit kyrkje- og handelssentrum. Til Stangvika kom folk frå mange kantar langs det som Torbjørn Brøske med eit glimt i auga kalla ein «vedlikehaldsfri» veg.

Harald Kvande fortel om Elvegarden

Ved Elvegarden fortalde Harald Kvande om historia til garden og butikken som låg rett nedanfor vegen.

Frå konkurs til rikdom

Vandringa enda på Rønnan. Der det var foredrag av Svein Sæter og moglegheit for å kjøpe seg fiskeburger

Svein Sæter fortel historia om "Gullkongen"

Sæter fortalde levande om Fredrik Bruseth si ferd til Amerika, der han etter fleire feilslåtte yrkesval endte opp som gullgravar i Klondyke i Canada, i det som fekk namnet Eldorado creek.

Fredrik vaks opp i ein stor søskenflokk. Far hans, Christen, åtte eigendomen Rønnan, som han var svært knytta til. Men Christen hadde opparbeidd seg ei gjeld på 8000 kroner. Og denne helt på å ta knekken på han. Det var så vidt han greide å halde kreditorane frå livet, og levde i stadig fare for å gå konkurs. Derfor sende han fleire av ungane til Amerika for å tene penger og sende heim.

Søskena skaffa seg arbeid, og sende små summar heim til faren. Fredrik, derimot flaksa fra jobb til jobb, og lukkast ikkje med noko av det han dreiv med. Han meinte Christen burde selge Rønnan, og komme seg unna konkrursspøkelset. Faren var derimot fast bestemt på å halde på eigendomen.

Etter kvar kom Fredrik til Klondyke i Kanada, der han fann store mengder gull, og kom heim som ein rik mann. Då hadde faren vorte 82 år, men fekk oppleve fruktene av rikdomen, og den statusendringa dette medførte dei siste åra han levde.

Gullkongen sin praktvilla Rønnan

Fredrik fekk sett opp Rønnan, og nokre år seinare Bondhuset.

Anders Askelund ønsker velkommen til Rønnan

Rønnan har hatt fleire eigarar opp gjennom åra, og dag er eigendommen ått av eit aksjeselskap drive av mangeårig hyttestangvikgjelding Anders Askelund. Askelund og kona Brit Dyrnes vil bruke staden til kollektiv, der faste medlemmer kan jobbe og bo i periodar.

Interiør frå Rønnan

-Rønnan er ein fantastisk plass, og fortener å bli bruka, seier Askelund. Samtidig vil vi at dei som nyttar det, skal føle tilknytning til huset.

Powered by Labrador CMS