Sommarskule for born og ungdom

Full aktivitet i sommarskulen

Vi avslutter dei to første vekene med full aktivitet i sommarskulen fredag 2.juli.

Trivsel, mestring, sosial læring og full innsats er stikkord for alle aktivitetane.

Rockebandet har øvd heile veka og avslutta med utekonsert på baksida av kulturhuset til glede for ungdomsklubben, vaksinekø og forbipasserande. Lærar Gard Nødset fortel at det er ei dedikert gruppe som må jagast heim om ettermiddagane.Ungdomsklubben har vore full denne veka med vel 25 ungdommar.

Bildeserie Pendelhopp og bading i Folldal

Dei har klatra på Trollheimen klatresenter, sett kino, spelt spel og hatt det kjempeartig saman.Hilde S Solli, Karianne Holten, Kristin Børset og Lars Sæther har leda troppene gjennom veka.Ei gruppe med ungdommer har vore med ungdomskontakt Kristin Børset og aktivitetskontakt Linda Margareth Øye på grottevandring, rappellering, pendelhopp og hopping i folla. Dette i samarbeid med Lars Inge Harang i Trollheimen Aktiv.

Bildeserie Grottevandring

Solveig Haglund på Inn på Tunet Oppistuå Øye har hatt besøk av ei gruppe med kjekke ungdommer som har stelt i hagen, fotografert dyr og planter, stelt dyra og lært mykje om ny og gammel gardsdrift.

Bildeserie Inn på tunet

Veka vart avslutta med sjølvlaga pizza i bakaromnen.

Opp og ut i Torvika med Nina Torvik i spissen har hatt nesten 60 besøkande dei to første vekene. Der har dei også fått delteke på det meste av gardsarbeid, kulturarbeid, bading og fjelltur.

Bildeserie Klatring på Trollheimen klatresenter

Sfo-elevane på barneskulane har hatt kulturdag med besøk av Brage Einum, Karianne Holten, Synnøve Hammervold og Frida Bergheim. Song, spel, dans og god stemning prega gjengen.

Ti ivrige malarar hadde kurs med Inga Dalsegg. Det er omtala på porten tidligare.Mekking og friluft med Olav Kåre Fiske. Sjauing, reparasjoner av mekanisk utstyr, kulturhistorisk vandring i Stangvika og sjølberging med fiske og matlaging utandørs stod på programmet.