Møre og Romsdal Senterparti:

dame og mann står ute foran gress
Dordi Boksasp Lerum og Per Ivar Lied i Senterpartiet.

Løyver pengar til veterinærprosjekt på Nordmøre og Romsdal

Kompetanse- og næringsutvalet løyvde denne veka 1,2 millionar kroner til eit veterinærprosjekt på Nordmøre og Romsdal.

– Vi har over lengre tid for få veterinærar, og det er ei stor vaktbelastning på dei veterinærane som er i kommunane. Distrikta er store og køyreavstandane lange. Vi håper dette prosjektet kan få fram gode idear til nye samarbeidsformer, seier Per Ivar Lied og Dordi Boksasp Lerum i Senterpartiet.

Målet er å sikre god tilgang på veterinærar og lage ei felles veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid for kommunane Molde, Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Kristiansund, Tingvoll og Sunndal.

– Det er viktig for veterinærar, dyr og alle som er glade i dyr at vi får på plass ei betre og meir langsiktig løysing på veterinærmangelen i fylket. Dette er eit samarbeid mellom fleire kommunar og vil kome innbyggjarar og dyr i heile Nordmøre og Romsdal til gode, held dei fram.

Sjå heile saksframlegget her.

Powered by Labrador CMS