Todalsfjordprosjektet:

Kartet viser vedtatt løysing markert med blå stipla strek (tunnel), grønn stipla strek (bru) og rød strek (vegtrase). Trase for undersjøisk tunnel (svart stipla strek) er illustrasjon, og ikkje heilt presist teikna inn.
Kartet viser vedtatt løysing markert med blå stipla strek (tunnel), grønn stipla strek (bru) og rød strek (vegtrase). Trase for undersjøisk tunnel (svart stipla strek) er illustrasjon, og ikkje heilt presist teikna inn.

Positiv til vegløysinga, tilrår å undersøke tunnelalternativa på nytt

Publisert

Ei tverrfagleg og uavhengig gruppe som har vurdert planane for Todalsfjordprosjektet, støttar den vedtatte vegløysinga. Samtidig tilrår gruppa å undersøke tunnelalternativa på nytt, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding tysdag.

Anbefalinga kjem fram i ei verdianalyse for Todalsfjordprosjektet, som ei tverrfagleg gruppe har utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Hensikta med analysen er å utfordre løysingane, kvalitetssikre planane og søke etter auka samfunnsøkonomisk nytte og moglege kostnadssparande tiltak.

– Konklusjonane frå gruppa er veldig interessante. Det er antyda eit betydeleg innsparingspotensial – då må vi ta oss tid til å gjere undersøkingane for å sjå om det er realistisk. Vi må sjå på om undersjøisk tunnel frå Ålvundfossen til Åsbøen er teknisk mogleg å gjennomføre – mellom anna vi må vite kor djup tunnelen må vere – det har verknad for lengda, og dermed for kostnaden. Alternativet med lang tunnel til Todalen oppfyller ikkje effektmåla for prosjektet like godt og er mindre aktuelt å vurdere på nytt, seier Per Gunnar Løset, planprosjektleiar i Todalsfjordprosjektet.

Han seier at Møre og Romsdal fylkeskommune no vil kvalitetssikre prosessen med å gjennomføre tunnelundersøkingar.

Forslag til endringar

Gruppa bak verdianalysen gir si støtte til den vedtatte vegløysinga, men har både forslag til endringar og kommentarar til delar av løysinga:

  • Påhogg til tunnelen ved Ålvundfossen bør bli trekt lenger sør. Det vil gjere tunnelen dryge 200 meter lenger, men til gjengjeld sparar ein cirka 500 meter komplisert og kostbar vegbygging.
  • Sjølv om vegen gir store inngrep i det verdifulle området på Svinvika, meiner gruppa at traseen er tilnærma så optimal som han kan bli. Rundkøyringa bør erstattast med T-kryss og avkøyringa til Svinvik gård kan ligge som i dag.
  • Strekninga Øygarden-Åsbøen bør utbetrast i eksisterande veg, da det vedtatte alternativet frå 2009 gir omfattande vegbygging med store skjeringar og fyllingar.

«I det videre optimaliseringsarbeidet bør det vurderes muligheter for å innsnevre både kjørebane, brutverrsnitt og eventuelt tunnelprofil med tanke på å få ned kostnadene», er tilrådinga frå gruppa.

Skrinlegg flytebru

Gruppa som har laga verdianalysen meiner planane om ei flytebru mellom Kvanne og Rykkjem må bli lagt bort fordi det blir dobbelt så dyrt som det vedtatte konseptet. Kystverket krev at det må vere seglingshøgde på 25 meter over høgaste astronomiske tidevatn. «Selv om det i dag er svært begrenset båttrafikk innover i Todalsfjorden, oppfatter vi at Kystverkets beslutning må anses som en endelig premiss for arbeidet», går det fram av rapporten.

Vil vurdere tunnel på nytt

Gruppa tilrår å vurdere tunnelalternativa på nytt. Dei meiner at både lang tunnel (8,0 km.) frå Ålvundfossen til Todal og undersjøisk tunnel (11,8 km.) frå Ålvundfossen til Åsbøen har potensial til å bli billegare enn den vedtatte løysinga.

«Lang tunnel via Todalsøra mener vi er kostnadseffektivt sammenlignet med den vedtatte løsningen», skriv gruppa i konklusjonen. Og føyer til: «Undersjøisk tunnel tror vi kan være enda mer interessant siden terrenget ligger godt til rette for en tunnel med maks stigning på 5 % og en kjøretid som blir blant de laveste. Kostnaden kan bli en del lavere enn det vedtatte konseptet og samtidig unngår man alle utfordringer knyttet til inngrep ved Rakaneset, Svinvika og Nordvik, samt brubygging i områder med vanskelig adkomst.»

Kommunane positive

Tysdag fekk kommunedirektørane i kommunane Sunndal og Surnadal ein gjennomgang av rapporten. Dei er positive til å gjennomføre undersøking av undersjøisk tunnel frå Ålvundfossen til Åsbøen, dersom det ikkje går ut over framdrifta i prosjektet. Kommunane vil invitere fylkeskommunen ved første høve til å orientere.

Sørheim: Verdifulle forslag

Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, kommenterer verdianalysen slik:

– Å spare landbruksareal og kulturlandskap er viktig. Forslaga om å sjå på endra plassering av tunnelpåhogg i Ålvundfjorden og å minske inngrepa i Svinvika er derfor svært verdifulle for det vidare arbeidet. Likeeins at ein må sjå på strekninga Øygarden-Åsbøen på nytt, da den medfører store inngrep i landskapet og har ein kostnad kanskje 2-3 gonger høgare enn vi har sett for oss, seier Sørheim.

Ho seier vidare at med tanke på at prosjektet skal delfinansierast med bompengar, er det viktig å få ned kostnaden:

– Derfor bør vi følge tilrådinga om å vurdere ein undersjøisk tunnel ein gong til. Dersom ein kan spare mellom ein halv og ein milliard og samtidig unngå konfliktane i Ålvundfjorden, Svinvika og Nordvik, og korte ned reisetida, må dette undersøkast nærmare.

Ho seier at undersøkingane ligg innanfor mandatet til administrasjonen å sjekke ut før vi får saka til ny politisk behandling.

– Desse undersøkingane kan gjerast parallelt med undersøkingane for det valte konseptet, slik at vi ikkje mister tid med tanke på realisering av prosjektet. Kanskje blir det ei utsetjing av formell oppstartsmelding for reguleringsarbeidet, men det betyr ikkje noko for når reguleringsplanen står ferdig, seier Sørheim.

Fagfolka bak verdianalysen

Gruppa som har laga verdianalysen av Todalsfjordprosjektet kjem frå konsulentselskapet Rambøll Norge AS og består av Erik Spilsberg (prosessleiar og redaktør), Robert Hoven (vegfag), Øivind Pedersen (brufag), Eirik Gerhard Lind (ikkje prissette konsekvensar) og Gudrun Dreiås Majala (ingeniørgeologi).

Kostnadsramma for prosjektet er på 4,033 milliardar kroner.

Powered by Labrador CMS