Trollheimstankar

Jon Solem med dottera si, Ane.

Kva er drivstoffet ditt?

Hei, Jon Solem. Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarene i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Jon Solem brukar diktet i norskundervisninga, først og fremst fordi han tykkjer det er eit fint dikt, og i tillegg er det relevant for ungdommane. Jon arbeidar på Surnadal vidaregåande skule. Der underviser han i historie og norsk. Han har ein solid bakgrunn, blant anna med hovudfag i historie og som forfattar av fleire jubileumsbøker og kulturhistoriske bøker.

Når Jon arbeider med diktet saman med elevane, ser han at dei ofte er medvitne om kva slags verdiar dei har, og at elevane er fullt klar over at ein vellykka fasade ikkje gjer lykka i livet, likevel er dette ei stor utfordring ungdommane står ovanfor i dag.

- Eg er veldig glad i å jobbe med ungdommar, seier Jon. Ungdommane i dag er jamt over tolerante og reflekterte. Dei er også medvitne om sin eigen oppførsel, og korleis den påverkar folk i kring seg. Eg vil påstå at ungdommen er meir empatisk no enn før.

Diktet er «Nå» av Kolbein Falkeid

Nå er du. Her og nå.
Det er nå du sitter i cockpiten
og har ansvaret for at jorda når fram
til neste generasjon.
Det er nå du kan slå i bordet
og si hva du mener. Det er nå
du kan lese gressets lette kursiv i vinden,
trærnes eldgamle stavelser og dyreblikkenes
mening om justismord.
Ja, her og nå. Det er nå
minstejenta puster godnattkysset
på kinnet ditt. Det er nå
du står på fyrdørken og kan skuffe
venners ord, morgenlys og nytraktet kaffe
innover kjelene
så det damper og går.

Vent ikke på drømmen om i morgen, kamerat.
Sleng lassoen din rundt hornene på den,
hal inn
og hiv den over ende.
Det er nå du har sjansen. Her og nå.
Bare her og nå.

Gjer det no!

- Det kan ofte bli mykje snakk og lite handling, seier Jon. Vi sit med hendene i fanget, og lite blir gjort.

Han oppfordrar ungdommane til å gripe dagen og gjera ein innsats.

- Engasjer deg, ta ansvar for deg sjølv og andre. Det er no framtida skal formast! Det er lett å tenkje at «det skal eg gjera, men ikkje no, ein gong i framtida, kanskje». Gjer det no, oppfordrar Jon. Om fem år kan det vera for seint.

Jon brukar å teikne ei tidslinje på tavla, for å illustrere kor lita tid vi menneska har levd i til dømes jordbrukssamfunnet, for ikkje å snakke om det moderne industrisamfunnet. Den siste epoken er knapt synleg på sin ende av linja. Tidslinja viser og kor svimlande lita tid eit menneskeliv lever her på jorda.

- Kvart enkelt liv er berre eit augeblink i den store samanhengen, seier Jon. Vi bør bli meir medvitne om kva vi skal bruke den vesle tida vår på.

Småfuglar på fuglebrettet

- Eg blir nok av og til litt kulturkritisk, seier Jon. Vi vert eksponerte for mykje kommersiell, flat og innhaldslaus underhaldning, og vi vert narra til å tru at høgt materielt forbruk er vegen til lukke. Konsumsamfunnet er eit problem for miljøet, og det tek fokuset i liva våre bort frå dei tinga som verkeleg har verdi.

- Ungdommane er medvitne om dette, men det er ikkje berre enkelt å velge dei gode verdiane. Tida vi lever i er vanskeleg å bli klok på, seier Jon. Vi dreiar fokuset vårt bort frå røynda, naturen og folket vi har rundt oss, og virrar heller rundt på eit kjøpesenter på leiting etter overflatiske verdiar.

I diktet står det at du skal bruke «venners ord, morgenlys og nytraktet kaffe» som drivstoff så det «damper og går».

- Verdiane våre er drivstoffet vårt, seier Jon. Kva vil vi bruke som drivstoff, kva gir oss energi og lykke? Å sjå på småfuglane på fuglebrettet gjer meg lykkeleg, seier Jon og smiler. Ein må hugse å sjå seg rundt og leve her og no.

Jon veit kva han vil bruke tida si på. Han ser lite på tv, han les gode bøker i staden. På ettermiddag og helg er han mykje ute, held på med arbeid på garden, og tek seg turar i skogen. Om sommaren likar han å løpe, om vinteren er det turar med ski og truger saman med familien.

- Vi må finne dei ekte verdiane våre, bli medvitne om kva som betyr noko for oss, og føre verdiane vidare til neste generasjon, seier Jon. Å leve her og no inneber nettopp at ein er til stades her og no, men også at ein har eit medvit om både det som har vore, og ei ansvarskjensle for det som skal kome. Gløymer ein det, kan ein risikere å sitje att med eit nærsynt fokus på berre seg sjølv og si lille verd, og det er det siste vi treng.

Ungdommen

Å vera saman med ungdom er svært gjevande for Jon.

Jon Solem trives godt saman med ungdommen.

- Eg seier som ein tidlegare kollega av meg, «ungdommane gjer at eg føler meg yngre sjølv». Når ein arbeider med ungdom og kjem innpå dei, får ein mykje tilbake. Dei ser ting på andre måtar, det er veldig interessant å diskutere med dei, seier Jon.

Han oppfordrar ungdommane til å tenkje på diktet i kvardagen sin.

- Det er ikkje enkelt å følje verdiane i sine i «flimmersamfunnet» vårt. Det er inntrykk og impulsar over alt. Vi har mange kanalar som forstyrrar oss.

Vi får ta oppfordringa frå Jon, legge vekk mobilen og sjå på fuglebrettet av og til. «Nå er du. Her og nå».

Powered by Labrador CMS