Trollheimstankar

Oddbjørn Heggem

Den største gleda

Hei, Oddbjørn! Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Den største gleda ein kan ha,
det er å gjera andre glad;
og vil du gjerne lukka nå,
då først deg sjølv du gløyma må.

Og vil du sanka gods og gull,
du aldri får din bankboks full;
du må ha meir, får aldri ro;
eit hundre først – og sidan to.

Nei, gjer deg nøgd med det du har,
og prøv å gjera andre glad;
turk tårer bort der du dei ser,
og gjer det lyst der mørkt det er.

Mikael Aksnes

Ego- og grådighetsamfunnet

Sola skin og Trollheimsporten har fått komme på besøk i Skjølsvollgrenda og Neer. Vi sit på verandaen til Oddbjørn Heggem eit steinkast unna heimgarden hans, Nygarden.

- Mor skreiv første strofa i minneboka mi da eg var liten gut, «Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad; og vil du gjerne lukka nå, då først deg sjølv du gløyma må.». Den gongen hadde eg berre høyrd dei to første linjene, eg hugsar eg tykte strofa var så fin, seier Oddbjørn og smiler.

Det er først det siste året han har høyrd heile diktet. Han tenkjer at diktet blir berre meir og meir aktuelt i ego- og grådigheitssamfunnet vi lever i i dag.

- Alle skal dyrke seg sjølv. Vi er alt for opptekne av at vi skal framstå som feilfrie. Ikkje kan vi få uventa besøk heller, fordi det ikkje er «perte» og fint nok inne. Eg vil ikkje at du skal bli med inn og sjå, eg heller, seier Oddbjørn og ler. Tida da vi kunne gå inn til kvarandre utan avtale er forbi, seier han.

Dugnad

Oddbjørn hadde ein far som var engasjert i idrettslaget heile livet, spesielt langrenn, og han har sjølv vore med i styret i idrettslaget i 24 år.

- Da eg voks opp var det ein sjølvfølgje å møte opp om nokon arrangerte noko. Alle stilte, både på dugnader, basarar, underhaldningskveldar og idrettsarrangement, seier Oddbjørn.

- Det blir det vanskelegare for kvart år å få med seg folk på dugnad. Færre og færre er villige til å bidra til fellesskapet, det er trist, seier Oddbjørn. Fredagstacoen og laurdagspizzaen har vorte heilag for folket, kanskje?

- Eg tenkjer på dugnadsgjengen i Rindal I.L., for ein gjeng! Eg er så imponert over dei, men det er ikkje ei sjel under 70 år, seier Oddbjørn. Kven skal overta?

Han fortel at det er mange som er yngre som også er dyktige å stille opp på dugnader i Rindal, men at det ofte er dei same personane som stiller opp på alt.

- Vi må bli flinkare til å stille opp for kvarandre, seier Oddbjørn. Få tilbake den gode gamle dugnadsånda.

Tunge stunder

Oddbjørn er oppteken av at han ikkje vil ha noko skryt av seg sjølv. Nei, han er ikkje noko flinkare enn nokon annan, påstår han hardnakka. Diktet han vil dele med oss er ei påminning til oss alle.

- Eg har hatt mine tunge stunder, det har fått meg til å tenkje på kva som er viktig for meg, fortel Oddbjørn. Om nokon trur eg har sklidd gjennom livet, tek dei feil.

- Ein kan ikkje sjå det på meg når eg har det vanskeleg, seier Oddbjørn. Det går diverre ut over dei nærmaste, eg kjeftar og smell på ungane, men dei har vorte immune, trur eg, seier Oddbjørn og ler.

- Eg har ein jobb der eg er nøydd til å vera blid og opplagt, og da kan det komme ut når eg kjem heim, heldigvis bor eg for meg sjølv, smiler Oddbjørn.

Koronatida har ikkje vore enkel for dei som bur åleine, og Oddbjørn har også kjent på korleis det er å ha heimekontor i eit tomt hus.

- Når kjøkkenbordet er kontorpulten og godstolen er pauserommet, er du nøydd til å ta ein vinskvett i helga for å skilje mellom ørk og helg, seier Oddbjørn. Alle veit at eg drikk to flasker, men det treng du ikkje skrive, seier Oddbjørn og ler høgt.

Tidlause verdiar

Oddbjørn tykkjer det er utruleg at diktet er skrive for 100 år sidan.

- Det var vel eit grådigheitssamfunn den gongen også, seier Oddbjørn. Det er så rart dette, at mykje vil ha meir.

Han har ikkje fare høgt med det, men han hadde det trongt økonomisk i mange år.

- Alle skulle prøvd å hatt lite pengar, seier Oddbjørn. Det gjer noko med synet ditt om kva som har verdi. Ein ting er heilt sikkert, ein blir ikkje meir grådig av å ha lite pengar, ein blir faktisk rausare, er ikkje det rart?

- Dei viktigaste eigenskapane ein kan ha er å vera raus og empatisk, seier Oddbjørn. Kvar og ein kan lese diktet no og da, det er ord ein godt kan legge seg på minnet.

Powered by Labrador CMS