ANNONSE, LEDIG STILLING:
Undervisningsinspektør (Vikariat)
Surnadal barne- og ungdomsskule er ein 1.-10.skule. Det er om lag 520 elevar ved skulen og ca 90 tilsette.
Som undervisningsinspektør for småtrinnet vil du vere ein del av leiarteamet ved skulen.
Til stillinga ligg 80% administrasjon og 20% undervisning.
Ønska kvalifikasjonar:
- Formell pedagogisk utdanning
- Skuleleiarutdanning eller erfaring som skuleleiar er ønskeleg
- God kjennskap til LK-20 og læreplanarbeid
- Erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
- Erfaring med systematisk førebyggande arbeid for eit godt skulemiljø
- Erfaring med systematisk analysearbeid av elevdata for å tilpasse opplæringa best mogleg
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi legg vekt på at du har:
- Tydeleg, målretta og løysingsorientert
- Stort engasjement
- Utviklingsorientert og nytenkjande
- Kan arbeide sjølvstendig og systematisk med struktur på arbeidet
- Stor arbeidskapasitet
- Evne til fleksibilitet
Vi tilbyr:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Søknadsfrist: 20. mai 2026