-Når blir det vanleg å handhelse igjen, tru?

Rindalingen Astrid Meland er journalist og kommentator i VG. Vi høyrer ho titt og ofte på radio, TV og i podkastar der ho kommenterer dagsaktuelle saker. Ho har ein travel kvardag i Oslo, men i jula er ho heime på Birkelund i Øvre Surnadal.

Publisert

Astrid har budd 25 år i Oslo, først var ho student på universitetet, så vart det jobb i Dagbladet og VG som journalist og kommentator. Saman med sambuar Harald Moen og Ingebrigt på fem år bur ho på Kampen i Oslo. Sidan 12. mars har Astrid hatt heimekontor, og ho har bruka nestan all tida si til å skrive om koronaviruset.

- Informasjonsbehovet etter den 12. mars i befolkninga var stor, det såg vi tydeleg på lesarstatistikken. Det har vore mykje å skrive om og eit spanande år å vera journalist, seier Astrid.

Koronaviruset har teke stor plass

Barnehagane stengte og den vesle familien på Kampen fann ut at dei like godt kunne reise til Øvre Surnadal og Birkelund. Sjølv om det kunne vera utfordrande å ha heimekontor med ein femåring heime tykte Astrid det godt å vera på Birkelund.

- Mange frå Oslo med heimekontor reiste «heim» når landet vart stengt ned, og vi var mange som fann ut at ein kan jobbe kor som helst i landet og likevel gjera jobben sin på ein god måte. Om noko godt skal komme ut av dette rare året er det at vi lært oss å utnytte dei digitale verktya betre, seier Astrid. Ei utvikling som er god for distrikta, legg ho til.

Koronasaka har overskygga det meste dette året. Astrid fortel om at det har vore vanskeleg for opposisjonspolitikarane å få søkelyset på kampsakene sine. Regjeringa har sitte med all informasjon og makt, det er dei som har hatt kontakten med ekspertane og helsedirektoratet. Ingen har hatt interesse av å diskutere rovdyrspolitikk eller samferdsel.

- Regjeringa si største utfordring har vore å måtte ta store avgjerder med mangelfull informasjon. I mars var det ufatteleg mykje som var ukjent og nytt for ekspertane og.

God leiing

Astrid tykkjer Camilla Stoltenberg på Folkehelseinstituttet har gjort ein god jobb, ho skildrar ho som audmjuk og ærleg.

- Ho har ikkje lata som ho har hatt full kontroll, men sagt det slik det er, det skapar tillit. På den første pressekonferansen sto dei tett i tett og fortalte kor viktig det var å halde avstand, ler Astrid. Rart kor ting har forandra seg. No reagerer vi når vi ser at folk klemmer og tar kvarandre i handa på TV-program som er spele inn før koronaviruset kom.

- Når blir det vanleg å handhelse på kvarandre igjen, tru. Eller kjem vi kanskje til å slutte å gjere det?

Annleis kvardag som journalist

Etter kvart vart barnehagane opna igjen og Astrid og familien reiste tilbake til Oslo. Dei fleste journalistane arbeidde heimafrå og gjer det enno. Utanlandsreiser og møter vart det lite av.

- Til vanleg reiser eg mykje i jobben min, men no har eg vore mest på kjøkkenet mitt på Kampen.

Dagen hennar byrjar med å høyre på radio og sjå på norske og utanlandske nettaviser. Klokka ni har VG digitalt morgonmøte der dei diskuterer kva dei skal skrive om denne dagen.

- Det har ikkje vore noko problem å finne noko å skrive om dette året, seier Astrid. På ein vanleg tirsdagsmorgon i oktober i eit anna år kan det vera vanskeleg å finne på noko å skrive om, fortel ho.

Det har sjølvsagt vore andre saker dette året også, Astrid har dekt rettsakene til både Berteussen og Petter Nortug.

- Trumpsaka har eg hatt lite interesse av å følgje, ikkje før han fekk korona, da begynte eg å følgje med, ler ho.

Heim til jul

Astrid, Harald og Ingebrigt kom heim i god tid før jul. Denne jula er annleis for dei som for alle andre, med feiring med berre dei nærmaste.

- Eg og Harald blir tenåringar når vi kjem heim til jul, fortel Astrid. Vi satsar på å bli mykje bortbedd på middag, resten av dagane blir det take away frå Kinarestauranten. Vi bor nestan som hotell hos foreldra våre, veit du, vi ryddar ikkje av tallerken etter oss ein gong, fortel ho i fullt alvor.

Ho har eit mål om å lære seg å lage julemiddag. Kanskje det blir til neste år?

- Ja, når denne pandemien er over trur eg det blir ein heidundrande fest her i landet, seier ho. Verda ventar på ein fest, det er heilt sikkert!

Powered by Labrador CMS