Kven flankerer Sigurd Røen her?

Thor Gotaas legg i desse dagar siste hand på si bok om VM-helten frå 1937, Sigurd Røen (midt på biletet). Thor ville gjerne hatt namna på dei to andre skihopparane her.

Bernt Bøe skriv på si Facebookside:

Thor Gotaas skriv bok om han i midta på dette biletet, VM-helten (1937) Sigurd Røen frå Rindal. Men så lurar han og vi andre på KVEN desse to andre er? Alle tre polerer hoppskiene sine - så dei var nok habile i hoppbakken. Enn om vi sjekka alt vi finn av gamle foto frå hoppmiljøet - i Trøndelag og landet elles? Kanskje ser vi att desse ansikta? Det finst bøker med bilete av idrettsfolk frå gamle dagar - m.a. vart det gjeve ut ei rekkje slike verk rundt 1950. Så no prøvar vi å hjelpe Thor med desse namna - han vil gjerne ha dei med i boka som går i trykken med det aller første!

Veit du kven dei to andre personane i bilete er? Kommenter gjerne under innlegget på Facebook (link over).

Powered by Labrador CMS