TV-Aksjonen 2023

Jente som puttar pengar på innsamlingsbøssa
Kjellaug Foseide var velkommen her på garden, og Ida på helgabesøk hadde pengane klare.

Vipps 2133, dagens gode gjerning

Dagens TV-aksjon var heldig med veret, fint for dei som tok runden sin i Rindal, og surndalingane vippsa sjølvsagt frå alle kantar, frå fjell til fjord - 2133 er det magiske talet!

Publisert

I Rindal var det mange som gjorde som Ida og hadde pengane klare. Ei av dei eldste rindalingane kunne fortelje at pengane var varme også, for ho hadde hatt dei i handa lenge og venta på bøsseberaren.

I Surnadal reknar vi med at telefonane vart varme av å vippse 2133, og det kan dei framleis gjere utover kvelden. 

Du kan følgje resultata for innsamlinga her! 

Bustader, Gjøåbakken
Plana var at alle heimane i Rindal skulle få besøk denne ettermiddagen. Dei som ikkje var heime, fekk lapp i postkassa med vippsnummeret - 2133
Bilde viser Bjørnås og nedover dalen
Gavmildt lys over dalen.
Fint kveldlys, tre gutar med sykkel ved Igltjønna
Desse tre karane registrerte kanskje ikkje det fine kveldslyset, men dei hadde støtta TV-aksjonen!
Solnedgang over Knyken bak eit tre
Powered by Labrador CMS