Over ein femtedel av søkarane ved Surnadal vidaregåande skole er frå nabokommunane i Trøndelag:

Konstituert rektor ved Surnadal vidaregåande skole, Kristin Holten.

– Vi er heilt avhengige av søkarane frå Rindal og Heim

Til saman 247 søkarar har plass ved Surnadal vidaregåande skole som sitt førsteval til hausten. Konstituert rektor Kristin Holten er glad for at det ser ut som om alle studieprogramma skulen tilbyr, kan startast opp, som planlagt.

Publisert Sist oppdatert

Før helga kom søkartala for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Oversikta viste at 216 søkarar med ungdomsrett og 31 med såkalla ikkje-rett har valt eit studieprogram ved Surnadal vidaregåande skole som førsteval.

Fordelinga på dei ulike studieprogramma var slik:

Konstituert rektor Kristin Holten er glad både for gode søkartal, jamn fordeling på dei ulike studieprogramma og ei auke i søkarar frå Rindal og Halsa.

– Vi er godt fornøgde med søkartala. Det har vore ei jamn fordeling på alle utdanningsprogramma vi har, og slik det ser ut no, greier vi få i gang alle tilboda våre, seier Holten, og held fram:

– Det er eit lite kull, som kjem opp frå ungdomsskulen i år, og det er alltid spennande å sjå om det er utdanningsprogram som får så få søkarar at det blir kamp om vi får sette dei i gang. Det slepp vi no.

Konsulent Mari Vattøy (som og er tilsett som medredaktør i Trollheimsporten, red. anm.) deler Holten sitt syn på søkartala.

– Det er veldig gledeleg at søkartala er så gode, og i tillegg veit vi at kullet som kjem opp frå ungdomsskulen til vidaregåande neste år er stort. Så dette lovar godt, seier ho.

Til saman 50 av dei 247 som har søkt plass ved Surnadal vidaregåande skole er frå Rindal (42) og Heim (8).

– Det er positivt å sjå at vi har ei auke i talet på elevar frå Halsa. Inneverande år har vi vel ein elev derifrå, seier Holten, og legg til:

– Vi er heilt avhengige av søkarane frå Rindal og Heim. Ein ser jo at dei utgjer over ein femtedel av totalen vår.

Vattøy supplerer:

– Det ville vore dramatisk om dei skulle ryke for oss, så vi er veldig glade for å ha dei her.

I tillegg til 50 søkarar frå dei to gode naboane frå Trøndelag, har det komme søknadar frå potensielle elevar frå Hitra, Vestnes, Halden, Lesja, Hustadvika, Kristiansund, Tingvoll og Sunndal.

Ledige plassar på studiespesialisering

Kristin Holten er konstituert rektor fram til og med 21. mars. Frå og med 22. mars er Hilde Andersen, som skal ta over rektorstillinga etter Rindal-kommunedirektør Mons Otnes, på plass.

Holten fortel om ei jamnare fordeling på yrkesfaga no enn tidlegare. Det, kombinert med at relativt få søkarar har studiespesialisering som førsteønskje, gjer at dei aller fleste skuleplassane ved Surnadal vidaregåande skole frå hausten 2021 vil verte fylt av elevar med ungdomsrett.

– Ja, det ser dessverre ut som om det vil bli færre plassar til elever med ikkje-rett enn vi har hatt dei siste åra, seier Holten, og viser til at få søkarar utan ungdomsrett søker studiespesialisering, der Surnadal vidaregåande skule har flest ledige plassar.

Hausten blir det starta opp ein klasse på første året studiespesialisering.

– Det er det same som vi har både på første- og tredjeåret i skuleåret vi er inne i no. På andre året har vi to, seier Holten, og fortsett:

– Vi skulle ønska at søkartala på studiespesialisering var høgare, men dei er som venta, ut i frå elevtalet. Og samtidig er det jo slik, at dersom fleire hadde søkt studiespesialisering, kunne det vore eit utdanningsprogram på yrkesfag som ikkje hadde komme i gang, så dette er vanskeleg.

Den konstituerte rektoren slår smilande fast:

– Vi ønskjer oss mange søkarar på alle, så vi hadde rett og slett ønska oss større kull.

Kristin Holten er fornøgd med søkartala, og at det ser ut som om alle studieprogramma skulen tilbyr kan starte opp til hausten.

Klare trendar

Trenden med at fleire elevar søker yrkesfag, ser ein og både på fylkesnivå og nasjonalt nivå. I Møre og Romsdal har 59 prosent av søkarane til vg1 søkt yrkesfag.

Ein annan trend, som er endå sterkare i Surnadal enn på fylkesnivå, er at få gutar søker seg til studiespesialisering. På fylkesbasis er 62 prosent av søkarane til studiespesialisering jenter, medan den tilsvarande prosenten i Surnadal er på 75.

– Ja, neste år er sju av 28 søkarar til første året studiespesialisering gutar, og inneverande år er berre talet fem av 27. Tredje året er åtte av 23 elevar på studiespesialisering gutar, så vi ser at det er ei dreiing mot at fleire gutar vel yrkesfag, seier Holten, som fortel om at dreiinga og påverkar søkartala på helse- og oppvekst:

– Vi ser og at søkartala på førsteåret helse- og oppvekst går ned. Der har vi tidvis hatt to klassar, men det blir ein til hausten.

Gode tal for automasjon og bygg

Når det gjeld studieprogram som tidlegare har hatt litt ujamn søking, som tredje året automasjon og bygg- og anleggsteknikk, er trenden positiv.

– Vi er storfornøgde med at vi har søkarar på tredje året automasjon, for den klassa har vi ikkje inneverande år. Så vi er veldig glade for at vi neste skuleår får tre el-klassar, seier ho, og held fram:

– Og der det har vore størst ustabilitet dei siste åra, er på bygg, der vi gjerne har hatt klassar annakvart år. I år har vi både VG1 og VG2, og det ser det ut som at det blir neste år og.

Nytt frå hausten er at VG2-tilbodet som no heiter VG2 Bygg- og anleggsteknikk, vert delt i to.

– Det vert skilt ut i to retningar - VG2 Tømrer og VG2 Betong - og dermed endå meir spissa, seier Holten, og fortel at det ved Surnadal vidaregåande skole er Tømrer-retninga elevane får tilbod om. Det same valet har mellom anna Sunndal videregåande skole og Tingvoll videregående skole teke.

– Grunnen til at vi tilbyr VG2 Tømrer og ikkje VG2 Betong, er rett og slett at VG2 Tømrer er aktuelt for flest elevar, seier den konstituerte rektoren

Powered by Labrador CMS