Årsmøte i Rindal Pensjonistlag

Årsmøteforsamlinga rundt borda på Eldresenteret
Årsmøteforsamlinga

Årsmøte med besøk

Årsmøtet i Rindal Pensjonistlag hadde besøk fra Norges Blindeforbund og fekk grundig orientering om synsproblem og kva hjelp ein kan få frå Blindeforbundet.

Publisert Sist oppdatert
Arild Ræder Norberg på talerstolen
Arild Ræder Norberg frå Norges Blindeforbund Trøndelag

Arild Ræder Norberg, som er dagleg ledar for fylkeskontoret til Norges Blindeforbund, gav årsmøteforsamlinga fyldig og grundig orientering om kva hjelp Blindeforbundet kan gje når ein kjenner synet svekker seg.

Sidan alle i salen var over 60 år, var det grunn til å tru at dei fleste var meir eller mindre synshemma. Alle kjenner til at ein treng meir lys di eldre ein blir, og skrifta i avisene blir mindre.

Blindeforbundet

Blindeforbundet har 9000 medlemmar, dei færraste er heilt blinde. Det er mange grader av synshemning. Blindeforbundet arbeider med å påverke samfunnet og politikarane til å legge forholda best muleg til rette for dei som er synshemma.

I tillegg arbeider organisasjonen med sosiale møteplassar, medlemsmøte, turar og kurs for medlemmene og andre synshemma. Blindeforbundet har 3 kurssenter, Solvik på Askøy, Evenes ved Narvik og Hurdal i Akershus.

Drifta er delvis offentleg finansiert, men 2 av 3 kroner er innsamla midlar, sa Norberg. Hjelpemidlar og støtteordningar får ein også gjennom NAV.

Det er klart at synshemming fører til redusert livskvalitet, men ein har kome langt i hjelp for synet no.

Augesjukdommar

Arild Ræder Norberg med blomster som han fekk av Helene Marie Nergård
Arild Ræder Norberg fekk takk og blomster frå Helene Marie Nergård for fordraget sitt

Norberg lista så opp dei mest vanlege augesjukdommane, frå grå stær til sidevirkning av hjerneslag. Ein konklusjon var: Gå til optiker/augelege regelmessig - annakvart år, som EU-kontroll på bilen! Snikande augesjukdommar kan dempast ved tidleg behandling.

Til slutt oppfordra han oss om å fortelle dei som ikkje var på møtet om Blindeforbundet, og til å ta kontakt med Blindeforbundet når du får synsproblem.

Synskontakt

Vi minner om at alle kommunar har synskontakt. I Rindal er det Line Todalshaug (tlf.90160864) og i Surnadal Arnhild Sæter (tlf.48207149).

Årsmøtet

Årsmeldinga frå styret i Rindal Pensjonistlag viste at det som vanleg hadde vore stor aktivitet med møte (Åpen dag) og turar, men det er ein liten nedgang i talet på medlemmer. Dei frammøtte vart oppfordra til å verve nye medlemmer, for det er mange pensjonistar som ikkje er medlemmer.

Valg

Helene Marie Nergård var attvald som ledar for 1 år.
Oddvin Meland vart attvald som kasserar for 2 år.
Magne Løset vart attvald som styremedlem for 2 år.
Roar Morten Eriksen vart vald som styremedlem for 2 år.

Oddvar Løset vart attvald som varamedlem for 2 år.

Anne Lise Forsberg er i styret frå før.

Det nye styret i Rindal Pensjonistlag, frå venstre: Oddvin Meland, Roar Morten Eriksen, Helene Marie Nergård, Anne Lise Forsberg og Magne Løset.
Powered by Labrador CMS