Årsmøte i Rindal Pensjonistlag

Johanne Løset, Margret Meland og Ann Ingeborg Grimsmo fekk takk og blomster frå Helene Marie Nergård, ledar i Rindal Pensjonistlag, for innsatsen sin.

- Mesta rart å ta folk i handa

Ved slutten av årsmøtet i Rindal Pensjonistlag var det ei avdeling med blomsteroverrekking og gode ord til dei som vart takka for innsatsen dei siste åra. Det var da orda ovafor kom frå hjertet til den eine mottakaren da ho takka for blomsteren.

Publisert Sist oppdatert

Rindal Pensjonistlag opna årsmøtet sitt med frisk allsong, først Dei gamle fjell i syningom, og deretter høgtideleg, ståande avsynging av Kongesongen Gud sign vår konge god som bursdagshelsing til Folkekongen.

Saklista for årsmøtet vart stødig gjennomført av Helene Marie Nergård, som vart vald som ordstyrar. Ho har vore ledar i laget i 8 år, og valgkomitéen hadde overtala ho til å ta på eitt år til.

Det fekk ho blomster og rosande ord for av sekretær gjennom om lag like mange år, Jostein Grytbakk.
- Helene er ein strålande ledar, sa han.

Johanne Løset takka for seg i styret, og Anne-Lise Forsberg vart vald som ny styremedlem for 2 år.

Av årsmeldinga gjekk det fram at laget hadde hadde god aktivitet trass i utfordringa ein har hatt med korona-pandemien.

Største og beste arrangementet i 2021 var turserien Ut i Trollheimen. Det var eit prosjekt som Rindal Pensjonistlag søkte om støtte til frå stiftelsen DAM. Det vart arrangert 16 turar til Trollheimstunet, tilrettelagt av iTrollheimen. 185 pensjonistar var med på turane, og den eldste var 98 år.

Aktiviteten kan du finne mykje om her på Trollheimsporten!

Det nye styret i Rindal Pensjonistlag består av (f.v.) Anne-Lise Forsberg, Helene Marie Nergård, Oddvin Meland, Magne Løset og Jostein Grytbakk.
Powered by Labrador CMS