Ikkje spør om det! Lene Prest

Det vart mykje latter da Trollheimsporten besøkte Lene Gåsvatn på kyrkjekontoret i Rindal

Må ein prest vera glad i alle, og var eigentleg Maria jomfru?

Vi rappa NRK-konseptet «Ikke spør om det», og fekk med oss Lene Gåsvatn på å svare på spørsmål om alt mellom himmel og jord.

Publisert Sist oppdatert

Vi er på besøk på kyrkjekontoret i Rindal. Lene tek imot oss med kaffe og julebrød. Trollheimsporten har samla inn spørsmål frå rindalinger og surnadalinger. Kva er det dei ville spurt ein prest om? Er det kanskje noko dei ikkje tør å spørje om, eller kanskje berre noko ein går rundt og lurer på?

Lene prest, som mange kallar ho, er klar. Ho sit og gler seg på vanskelege spørsmål.

Himmel og helvetet

Trur du på eit liv etter døden?

– Å, ja! Eg ser for meg lys, glede og kjærleik. Fullkommenhet!

Er vi oss sjølve?

– Eg trur vi er medvitne på eit nytt «level».

Kva held vi på med, da?

– Lovpriser Gud og Jesus.

Det blir stille ei stund, ho ser at Trollheimsportens utsendte er litt skeptisk til svaret.

Ho fortset.

– Eg ga dette svaret til ein elev ein gong, da eg var lærar på ein folkehøgskule på 90-talet, da sa han «Det høyrest veldig keisamt ut», seier Lene og ler høgt.

Trur du på helvetet?

– Helvetet er likså mykje her, og ikkje ein endestasjon, trur eg. Djevelske krefter arbeider i og mellom folk. Å snakke om djevelen blir så drastisk. Eg trur på vondskap. Ein ser nok av vonde krefter her i verda. Eg trur på ein nådig Gud, som vil det beste for alle.

Å tru «nok»

Er det nok å tru "litt" for å kalle seg kristen?

– Det er nok! Tenk om alle som berre trur litt, hadde kalla seg kristne.

Trur du Maria var jomfru når ho fødde Jesus?

–Ja! Det er eit prinsippspørsmål. Gud er far, Jesus var ein sann Gud og eit sant menneske. Gud inkarnerte seg til eit lite barn som kom til jorda. Gud vart menneske.

Å vera prest

Kvifor ville du bli prest?

– Eg har eit dobbelt svar, eigentleg. Det er faget, eg tykkjer det er så interessant. Teologi blir berre meir og meir interessant di meir ein les, og di meir eg les, di meir forstår eg kor lite eg kan. I tillegg er det formidlinga, den er eg glad i.

Kva er det beste med yrket?

Lene smiler og svarer kjapt.

– Folka!

– Det å formidle, hjelpe, trigge til ettertanke, refleksjon, omvending. Ein får møte sjelene til folk.

– Det verste er å føle seg utilstrekkeleg.

Kva er det viktigaste du som prest kan formidle til menneska?

– Det er noko eg må formidle like mykje til meg sjølv som til andre, «I Jesu namn er du god nok».

Inspirasjon

Kor finn du inspirasjon til preikene dine?

– Du, eg har slik frodig fantasi, seier Lene og ler.

– På måndag brukar eg å lese søndagens tekst, så ligg han der og arbeider i sinnet, så kjem preika heilt av seg sjølv, helst om natta eller like før eg sovnar. Knip det om tid, så kan det hende eg stjel noko frå ei facebookgruppe, men dei preikene eg skriv sjølv er best, seier Lene og smiler.

Har du ein favorittperson i Bibelen?

– Det må vera Jesus det, da. Han er det nye livet i eigen person. Han er eksistensgrunnlaget i livet mitt som kristen. Han er eit førebilde, kjempemodig når det gjeld urett, veldig udiplomatisk og audmjuk.

Korleis hadde livet ditt vore utan trua, trur du?

Eit liv som berre er materialistisk, høyrest veldig tomt ut.

Kva er ditt favorittvers, og kvifor er dette favorittverset ditt?

– Romarbrevet 8, 38-39 «For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.»

– Ingenting står i vegen for at vi kan bli elska av Gud. Verken av det som er rundt oss eller det som er inni oss.

Kven er Gud?

Tvilar du nokon gong?

– Ja, men eg tvilar meir på meg sjølv enn eg tvilar på Gud. Eg tvilar aldri på Guds eksistens. Eg seier som Pascal, «Eg vil heller tru på Gud og finne ut at eg tok feil, enn å ikkje tru på Gud og finne ut at eg tok feil».

Kven er Gud?

– Far, skapar, himmelsk far. Han som har verda i sine hender. Han elskar oss høgare enn vi forstår.

Kva er haldningane dine til andre religionar?

– Det er mykje visdom i andre religionar, men vi treng Jesus for å bli frelst, det er eg hardnakka på, at Jesus er nåden. Om eg seier at andre religionar tek feil, og at eg har rett, er eg arrogant, da?

Trur du på det overnaturlege?

–Nei, eg trur ikkje på spøkelse, nei, men eg er mørkredd, seier Lene og ler.

– Eg arbeidde i Hammarfest på 90-talet, der vart klokkaren tilkalla for å gå frå rom til rom i hus med mykje uro. Eg trur at det finst uro, ufred, men kva det er det veit eg ikkje. Klokkaren sa at han ikkje fekk til å hjelpe folk som budde i hus der dei hadde drive med spiritisme. Eg trur det kan vera farleg. Slikt skal ein ikkje tulle med.

ein være glad i alle når ein er prest?

– Det er ein fordel, seier Lene og ler. Ho fortel om mange gode menneskemøte, og at ho likar dei fleste umiddelbart.

– Ein kan faktisk bestemme seg for å like folk. Det er absolutt det beste. Alle folk er interessante på sin måte, alle har si historie. Det finst ei forklaring på alt.

Ho fortel at det ikkje alltid er enkelt å vera prest.

– Det kan vera vanskeleg å skilje presterollen og meg som person.

Ville det vore meir fred i verden om det ikkje fanst religionar?

– Heller motsatt. Alle religionar har etikk og moralske levereglar. Levereglar har vore og er til det gode for samfunna, men religion kan brukast til å undertrykkja, så misbruk av religion finst.

Gudsteneste på julaftan

Tykkjer du det er hyklersk når kyrkja er full på julaftan, medan vanlege gudstenester er lite besøkt?

– Nei, nei, nei! Å vera hyklersk forbind eg med falskheit. Det er det siste eg kunne tenkt, at det er hyklersk å berre gå i kyrkja på julaftan.

– Eg har høyrd om ein prest som bruka ei fullsett kyrkje på julaftan til å skjenne på folk fordi dei ikkje var der resten av året. Det var det dummaste han hadde gjort.

Ho trur det er mange som vil bli aktive kyrkjegangarar, men at dei tenkjer at det kan bli folksnakk av det. «Kva trur folk om meg?».

– Folksnakket kan halde folk unna eit fellesskap, eit fellesskap som kan vera til berikelse for kyrkjelyden og den det gjeld. Vi kan godt bli fleire, smiler Lene.

– Det er ikkje berre eg som bidreg i kyrkja. Vi har ein fantastisk kantor, Bjørn Vevang. Han gir så mykje i gudstenesta i måten han spelar på. Eg tenkjer på eit uttrykk i den samanhengen, «Her vart eg dratt til himmels etter øyrene».

Lene er glad det ikkje er nokre restriksjonar denne jula.

– Eg gler meg som ein unge! Det skal bli mykje song og glede!

Powered by Labrador CMS