Pressemelding fra Møre og Romsdal Venstre:

Lena Landsverk Sande

Venstre og Regjeringa fredar elbilmomsen i 2022

- Dei raudgrøne lovar elbilmoms som vil gi bråbrems for elbilar i distrikta. No går vi i spissen for å fortsette den norske elbilsuksessen. Venstre er den fremste garantisten for at folk framleis skal ha råd til å kjøpe seg ein god og driftsikker elbil når tida er inne for bilbytte, seier Lena Landsverk Sande, stortingskandidat for Venstre.

I budsjettforslag for 2022 går regjeringa inn for å vidareføre momsfritaket for elbilar uendra. Elbilsalet held fram å vekse, og salet av miljøvenlege bilar veks raskast i typiske distriktområder som Sogn og Fjordane og Finnmark. Sjå også tabell «Elbilandel fordelt på fylker, august 2021».

Vil auke momsen

Både Ap, SV og Sp går til val på å innføre moms på elbilar som kostar meir enn 600.000,-.

Dette utgjer over 17 prosent av elbilane som seljast i dag.

- Ei avgiftsauke frå 1. januar 2022 vil gjere det mindre attraktivt å velje elbil for folk som bur i distrikta. Der har ein ofte behov for større bilar med lang rekkevidde, betre lasteplass og tilhengarfeste, seier Lena Landsverk Sande.

Ei rekke fylker har hatt ein veldig låg andel elbilar i nybilsalet. No aukar dette i alle fylker, og aller mest i distriktområda.

- For Venstre er det viktig å halde på elbilfordelane lengst mogleg. Det er heilt avgjerande for å nå målet om at hundre prosent av nybilsalet i 2025 skal vere nullutsleppsbilar, seier Landsverk Sande.

Dobbel idioti

- Samtidig som dei elbilane som er mest aktuelle for folk i distrikta skal bil dyrare, skal distrikta i fylgje Ap og Sp få fritak frå auke i bensin- og dieselavgifter. Dei største partia på venstresida går altså til val på å gjere alt dei kan for å gjere det dyrare å velje miljøvenleg, påpeikar Lena Landsverk Sande.

—-

Fakta 1: Nybilsalget august 2021: Elbilandelen fordelt på fylker

Fylkesoversikt (etter gammel fylkesstruktur): Fylke, elbilandel

· Hele landet, 71,9%

· Østfold, 70,8 %,

· Akershus, 76,9 %

· Oslo, 75,5 %

· Hedmark, 64,4 %,

· Oppland, 64,0 %g

· Buskerud, 62,3 %

· Vestfold, 70,9 %

· Telemark, 67,1 %

· Aust-Agder, 57,1 %

· Vest-Agder, 65,0 %

· Rogaland, 76,3 %

· Hordaland, 80,8 %

· Sogn og Fjordane, 61,7 %

· Møre og Romsdal, 65,3 %

· Trøndelag, 72,4 %

· Nordland, 67,8 %

· Troms, 64,3 %

· Finnmark, 51,3 %

Fakta 2: Nå øker også elbilandelen i distriktene

· Andelen helelektriske biler som ble solgt i Norge i august 2021 var 72 prosent. En vekst på 36 prosent fra samme måned i fjor.

· Veksten er langt høyere i typiske distriktsområder som Sogn og Fjordane og Finnmark.

· Målet til den blågrønne regjeringen er å halvere utslippene fra transportsektoren innen 2030. Vi er allerede på god vei. Siden toppåret i 2015 har de årlige utslippene av klimagasser fra veitrafikken gått ned fra 10,1 til 8,5 millioner tonn CO2-ekvivalenter i 2019.

Powered by Labrador CMS