Formannskapet i Surnadal:
Tilrår reduksjon av godtgjersla til ordføraren og dei andre folkevalde i kommunen
Tysdag var det møte i formannskapet i Surnadal, der formannskapet mellom anna vart orientert om det siste møtet med Statsforvaltaren, og det store spørsmålet om investering i helsehus. På sakslista til formannskapsmøtet sto mellom anna ei sak om reduksjon av godtgjersla til ordføraren og andre folkevalde i kommunen, for å spare pengar.
Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside.
Må vente på svar frå Statsforvaltaren om helsehus
Ordførar Hugo Pedersen starta med å orientere formannskapet om møtet med Statsforvaltaren sist fredag. Ordføreren, varaordføraren, kommunedirektøren, økonomisjefen og kommunen sin prosjektledar for helsehus hadde da eit dialogmøte med tre representanter fra Statsforvaltaren, med Rigmor Brøste i spissen. Bakgrunnen for dette møtet var at Surnadal vart ROBEK-kommune frå 5. januar i år.
Ordføraren sa at det var et godt og konstruktivt møte med Statsforvaltaren, der Statsforvaltaren mellom anna gjorde greie for kva forventningar dei har til kommunen som ROBEK-kommune.
Det store spørsmålet på dette møtet var om kommunen kan investere i nytt helsehus, slik dei ønsker, no når kommunen ikkje lenger kan ta den avgjerda sjølv. Ordføraren sa at Statsforvaltaren fekk ei grundig orientering og forklaring på kommunen sitt syn i denne saka. Kommunen har fått lovnad om eit svar frå Statsforvaltaren om investeringa i helsehus seinast til midten av februar. Ordføraren sa at han har eit håp om at svaret kjem til kommunestyremøtet 10. februar.
Støtte til urmakarverkstad og "Surnadal"-magasinet
Formannskapet vedtok einstemmig å støtte etablering av urmakarverkstad, Evensen Timelab, ved gamle Todalen skule, og medfinansiering av "Surnadal"-magasinet 2026 og aktivitetsbrosjyre. Pengane til dette går frå næringsfondet.
Tilrår redusert godgjersle for folkevalde
Formannskapet behandla óg ei sak om endring i forskrift for godtgjersle og erstatning for tapt arbeidsinntekt for folkevalde, for perioden 2023-2027.
Dette var kommunedirektøren si innstilling i saka:
• I forskrift for godtgjersle og erstatning for tapt arbeidstinntekt for folkevalde 2023 – 2027 for
Surnadal kommune, dato: FOR-2025-09-04-1902, blir følgjande endring gjort:
§ 7a skal lyde:
Ordførar mottar årleg godtgjersle tilsvarande 90 prosent av den til kvar tid fastsette årlege
godtgjersla for stortingsrepresentantar.
• Endringa trer i kraft frå 01.03.2026
Bakgrunnen for denne saka er at ordføraren har sagt seg villig til å gå ned i lønn, på grunn av den økonomiske situasjonen kommunen står i. Dette får óg konsekvensar for møtegodtgjersla til andre folkevalgte i kommunen. Lønna til ordføraren har fram til no tilsvart lønna til ein stortingsrepresentant. Innstillinga i saka går altså ut på at ordføraren si godtgjersle blir redusert til 90 prosent av ein stortingsrepresentant si lønn.
Før saksbehandlinga ba både ordføraren og varaordføraren om vurdering av habiliteten sin, på grunn av at det er referert til dei i saksframlegget. Jorid Aarvag (Ap) vart valt til setteordførar og Gøran Bolme (Sp) til settevaraordførar under habilitetsbehandlinga, men både ordføraren og varaordføraren vart kjent habile, og kom fort attende til plassane sine.
Ordførar Hugo Pedersen påpeika at godtgjersla til ordføraren i den neste valperioden må fastsettast av kommunestyret i god tid før valet.
Helge Røv (Ap) tok ordet og sa at det ligg an til at han stemmer for noko som han eigentleg er imot, i og med at han veit at han ikkje kjem til å få gjennomsalg for det han meiner i denne saka. Han sa at han eigentleg er ueinig i eitt punkt i innstillinga, for han meiner at ordføraren si lønn ikkje skal reduserast. Han sa at grunnholdninga hans er at ordføraren si godtgjersle bør stå i forhold til ein stortingsrepresentant si godtgjersle, og at dette ikkje bør vere avhengig av den økonomiske situasjonen i kommunen. Røv påpeika at det er minst like strevsamt å vere ordførar i ein ROBEK-kommune, som i ein kommune med romsleg økonomi.
Jorid Aarvåg (Ap) sa at ho er heilt ening med Røv. Ho synes ikkje at ordføraren si godtgjersle er for høg, og ho synes heller ikkje at godtgersla til dei andre folkevalde i kommunen er for høg.
Kommunedirektøren si innstilling vart likevel einstemmig vedteke i formannskapet. Saka går vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Saka om Hyldbakk-bysten ved kommunehuset er omtala i ein eigen artikkel på Trollheimsporten.
Sjå møtet i opptak på Kommune-TV: