En mann holder presentasjon foran SpareBank 1-lerret i kinosal med publikum.
Espen Temre hadde eit interessant og lærerikt foredrag om generasjonsskifte.

Fokuserte på generasjonsskifte

Fredag inviterte Surnadal Næringsforening, Rindal Næringsforum og SpareBank 1 SMN til temamøte om generasjonsskifte med lunsj.

Publisert Sist oppdatert

Bedriftsrådgjevar i SpareBank 1 SMN på Sunndalsøra og i Surnadal, Maria Ørsund, ønskte på vegne av arrangørane velkommen til ein god lunsj på Frich’s Hotel Surnadal. 

Her fekk deltakarane på temamøtet også høve til snakka saman om generasjonsskifte og andre tema.

Etter lunsjen flytta forsamlinga seg over på Surnadal kulturhus og Kammerset, der sjølve temamøtet gjekk føre seg.

Gjester ved rundt spisebord blir servert mat av servitører i restaurant
Temamøtet starta med lunsj på Frich’s Hotel Surnadal.

Interessant foredrag om generasjonsskifte 

Espen Temre frå SpareBank 1 Regnskapshuset var først ute, med eit interessant og lærerikt foredrag om generasjonsskifte. Temre understreka at det er viktig å bruke god tid, slik at både foreldregenerasjonen, barn som overtek og barn som ikkje overtek blir nøgd med prosessen og resultatet.

Han understreka også at det er viktig at også kundar og tilsette blir nøgd med resultatet. I eit generasjonsskifte er dei overordna måla at alle partane er nøgde og at ein unngår uheldige eller utilsikta konsekvensar. Dette oppnår ein best ved å ha ein god prosess, der alle partar blir høyrt, og alle får same informasjon. Ein må også ha ei god kartlegging for å finne ut kva som er best for bedrifta, kva er best for familien, kven skal drive vidare. Er barn(a) dei rette til å eige, eller bør eigarstrukturen endrast?

Det er også viktig å finne ut kva den eldre generasjonen skal leve av i framtida, kva verdi bedrifta har, når eigarskiftet skal gjennomførast og korleis verdiane skal fordelast mellom arvingane.

Temre kom også inn på korleis generasjonsskiftet kan gjennomførast i ulike selskapstypar.

Delte eigne erfaringar 

Ingrid Kvam Moen frå A.Kvam i Rindal delte sine eigne erfaringar i samband med generasjonsskifte. Ho overtok den mekaniske bedrifta etter far sin på starten av totusentalet. A.Kvam vart starta som ei røyrleggarbedrift i 1980, men utvikla seg etter kvart til å bli ei mekanisk bedrift.

Moen sa ho vart skikkeleg overraska da ho, som er utdanna førskulelærar og den gongen arbeidde som det i Surnadal, fekk spørsmål om å overta bedrifta. Ho tok utfordringa på strak arm, og sjølv om det var ein stor overgang å bli leiar for ei mekanisk bedrift kontra å arbeide som førskulelærar, så fekk ho heile vegen god oppbakking både frå familie og tilsette i bedrifta, noko som har vore heilt avgjerande for ho.

Alf Kvam var eit enkeltmannsføretak, men da Moen overtok vart det omgjort til eit aksjeselskap under namnet A.Kvam, der aksjane vart fordelt på familien.

Ho understreka at det ved generasjonsskifte er viktig at den overdragande part, etter kvart, «gjev slepp» og trekker seg tilbake og lett overtakande part få ta over den daglege styringa fullt og heil. 

– Å drive ei slik bedrift som A.Kvam er ein livsstil, og skulle ein til dømes vere heime med sjukt barn, ja, så vart det å ta med barnet på arbeid, plassere det på ei madrass på nabokontoret og arbeide som vanleg, sa Moen.

Ho kunne også fortelje at dei no har starta å tenkje på prosessen med neste generasjonsskifte i A.Kvam, og at mykje tid går med til å finne korleis ein skal gjere dette og når det skal gjerast.

Tre personer står foran publikum, to holder blomsterbuketter.
Kari Stensby Ranes, Ingrid Kvam Moen og Espen Temre.

Fortent blomster til Temre og Moen 

Til slutt takka teamleiar i SpareBank 1 SMN Regnskapshuset, Kari Stensby Ranes, Temre og Moen for to gode og interessante foredrag om generasjonsskifte. Ho gav dei to kvar sin velfortente blomster som takk for foredraga.

Powered by Labrador CMS