Todalsfjordprosjektet

Samferdselsutvalet tilrår bru og kort tunnel

Publisert Sist oppdatert

Onsdag behandla samferdselsutvalet i Møre og Romsdal saka om konsept og vidare planlegging for Todalsfjordprosjektet.

Fylkeskommunedirektøren tilrår at Fylkestinget vedtar å gå vidare med undersjøisk tunnel som konsept for ferjefri kryssing av Todalsfjorden, medan kommunestyra i Surnadal og i Sunndal tilrår alternativet med ny veg og tunnel frå rv. 70 ved Ålvundfossen til Rakaneset, bru til Svinvik, og ny veg i en øvre trase forbi Nordvik.

I møtet i samferdelsesutvalet fremma Lilly Gunn Nyheim (AP) på vegner av seg sjølv, AP, KRF og H følgjande forslag:

«Fylkestinget vedtek å gå vidare med prosjektet i tråd med vedtatte kommunedelplaner i Surnadal og Sunndal i 2020. Dette er og i samsvar med innstillinga til utbyggingsutvalget 30.05.23 og også i tråd med kommunestyra i Surnadal og Sunndal sine høringssvar datert 30.05.23. Dette inneber ny veg og tunnel fra rv. 70 ved Ålvundfossen til Rakaneset, bru til Svinvik, og ny veg i en øvre trase forbi Nordvik.»

Forslaget fremma av Lilly Gunn Nyheim fekk 9 røyster og blei vedteke, medan 2 røysta (UAVH, MDG) imot.

Samferdselsutvalet tilrår altså det same alternativet for Todalsfjordprosjektet som kommunestyra i Surnadal og Sunndal har tilrådt.

Powered by Labrador CMS