Illustrasjonsbilde

Heisar regnbogeflagget laurdag

I påvente av nytt flaggreglement vart det under formannskapsmøtet i Surnadal torsdag bestemt at det blir flagga med regnbogeflagg i samband med Surnadal Pride laurdag.

Publisert Sist oppdatert

25. mai vedtok Stortinget ei endring i flagglova, der det vart opna for bruk av andre flagg enn det norske under «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette uavhengig av om arrangementet det er snakk om, går føre seg i den offentlege bygninga. Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine vurderingar og forslag kan lesast her.

Før formannskapet i Surnadal gjekk laus på sjølve saklista si torsdag, hadde plansjef Råg Ranes difor ein gjennomgang av det gjeldande flaggreglementet i kommunen.

I kommunestyremøtet 17. juni stilte Annett Ranes (Ap) spørsmål til ordførar Margrethe Svinvik (Sp) om regnbogeflagget vil bli heist ved kommunehuset i Surnadal.

– Eg tykkjer det kunne vore ein fin ting å vise vår støtte til pride, sa Ranes den gongen, melder Tidens Krav.

Ifølgje avisa svara ordførar Margrethe Svinvik (Sp) slik den gongen:

– Prideflagg har vore heist i samband med den første likekjønna vielsen under den førre ordføraren. Men i all hovudsak tykkjer eg at det er det norske flagget som skal pryde stengene. Eg har ikkje noko imot prideflagget, men det handlar om kven som skal få markere seg. Eg ser for meg konflikter om kvar grensa skal gå. Eg tykkjer dagens praksis fungerer bra. Eg vil difor ikkje ta initiativ til å endre praksisen.

Formannskapet arbeidde seg torsdag fram til at det skal flaggast med regnbogeflagg utanfor kommunehuset i samband med Surnadal Pride laurdag.

– Vi flaggar i samband med at Surnadal Pride vert arrangert for første gong laurdag. Vi har fått ei henvending om at det skal vere arrangement, og spørsmål om vi kan flagge. Etter diskusjonen vi har hatt i dag, tenkjer eg at det er den mest inkluderande handlinga vi kan gjere, seier ordførar Margrethe Svinvik (Sp).

– Eg håpar dette blir godt imot av alle, og at ein er litt rause i alle leirar, sa ordføraren, som understreka at ho primært tykkjer det skal vere det norske flagget som vert bruka.

– Håpet er at det i framtida kan vere det flagget vi brukar, men no på laurdag blir det regnbogeflagget.

Ho slår fast at det ho svara Annett Ranes i kommunestyret framleis står, i og med at det spørsmålet handla om ein ville flagge for Oslo Pride.

– Tidene endrar seg

Diskusjonen tidlegare i formannskapet var sakleg, og Svinvik gjentok der bodskapet sitt frå kommunestyremøtet; behovet for klare retningslinjer.

– Skal vi opne for anna flagging, må vi finne ut kven som skal vurdere kva som skal tillatast og når det skal bestemmast. Skal det til dømes komme ei henvending frå nokon for at ein skal flagge? Vi må finne ut kva retningslinjer vi skal ha, sa Svinvik.

Rakel Polden (Ap) tok ordet, og slo fast at ho meiner ein ikkje treng gjere dette til ei vanskeleg sak.

– Det er noko med at tidene endrar seg, flagglova vart vedteken i 1933. Det er ikkje eit krav til at kommunane skal ha eige flaggreglement, poenget er at dette skal vere opp til kvar enkelt kommune.

Det som starta som ein generell diskusjon om nytt flaggreglement, vart raskt til ein diskusjon om ein skal heise regnbogeflagget no når det er klart at det blir eit lokalt pride-arrangement, Surnadal Pride, førstkomande laurdag.

Ordførar Svinvik fortalte at ho er usikker på kva som er rett i denne saka.

– Eg anerkjenner fullt ut kampen homofile og lesbiske kjempar, og har kjempa i generasjonar. Difor må ein tenke på kva som gagnar den saka best, for at dei skal få den aksepten dei absolutt bør ha. På mange måtar tenker eg at det å flagge med det norske flagget er symbolsterkt, med tanke på at ein då signaliserer at storsamfunnet inkluderer alle, fullt ut. Men eg tykkjer det er vanskeleg å konkludere.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) og Rakel Polden (Ap).

– Vil vere feigt å ikkje flagge

Rakel Polden kom så med konkret forslag om å heise regnbogeflagget utanfor kommunehuset i samband med arrangementet laurdag.

– No når saka er komme opp, og lovendringa er så fersk, tykkjer eg det hadde vore ein fin ting å gjere i samband med arrangementet på laurdag. Så lagar vi eit reglement seinare, sa ho, og fekk raskt støtte frå partikollega Helge Røv.

Polden la til:

– Det er ikkje noko kontroversielt rundt dette, og mange kommunar gjer det allereie. Eg tykkjer det vil vere feigt, når det faktisk skal vere eit arrangement i Surnadal, å ikkje flagge.

Varaordførar Hugo Pedersen (Sp) var klar på at dersom det skal flaggast ved kommunehuset i samband med Surnadal Pride, bør det vere med det norske flagget.

– Det flaggreglementet vi har er bra, og eg har veldig respekt for det norske flagget. Skal vi anerkjenne Pride og flagge før vi får eit nytt flaggreglementet, bør det vere med det norske flagget. Då føler eg vi anerkjenner arrangementet skikkeleg.

– Same kva vi gjer, kjem det til å bli feil

Forslaget til lovendringa Stortinget vedtok i mai, kom frå kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, som representerar Høgre.

Ole Joar Bruset støtta både Høgre-kollegaen og Rakel Polden i saka, samtidig som han reflekterte rundt det han og andre i formannskapet har oppfatta som ein stor og polariserande debatt i sosiale medier.

– Det er litt slik i denne saka, at same kva vi gjer, kjem det til å bli feil. Difor er det og vanskeleg å seie noko utan at det blir dratt ut av kontekst, og i alle retningar, sa Bruset.

Rakel Polden tok ordet igjen:

– Det at vi gjer dette så vanskeleg, viser berre viktigheita av saka. For det å støtte Pride går føre seg landet over. Regjeringen har regnbogefargane på framsida si på nett, Redd Barna og Amnesty støttar opp, og bedrifter og organisasjonar bruker det i sosiale medier. Dette er ikkje snakk om eit lite arrangement i ein liten del av Noreg, sa ho, og la til:

– Eg tykkjer at vi bør heise regnbogeflagget på laurdag, sjølv om nokon kan vere mot det. Såpass inkluderande kan vi vere.

Polden fekk svar frå ordførar Svinvik:

– Det er den «Såpass inkluderande kan vi vere», eg tykkjer eg vanskeleg. I den polariserte debatten har det vorte slik at dersom ein ikkje vil heise regnbogeflagget til topps utanfor kommunehuset, er ein plutseleg imot heile saka. Og det er ikkje det at eg er imot det, sa ho, og fortsette:

– Men eg tykkjer det er problematisk at det vert oppfatta som at ein symboliserer noko ved å ikkje gjere dette, og at det norske flagget ikkje vert sett på som bra nok, sa ho, og fortsette:

– Det handlar om denne offentlege flaggstanga og korleis den skal brukast, og det bør vi vere samde om. Er det 50-50 i formannskapet tykkjer eg ikkje det er bra nok.

Svinvik sa at ho tykkjer saka er vanskeleg.

– Eg tek meg ikkje nær av flagging med regnbogeflagget, og kunne godt flagga for Pride. Men at det ikkje skal vere bra nok å markere nye rørsler med det vi står for frå før, gjer at eg blir tilbakehalden, sa ordføraren.

Vedtok å flagge

Bernt Venaas (Sp) oppmoda om å ta på alvor den kjensla mange opplever rundt det å verte sett utanfor, spesielt i ungdomstida.

– Den store bekymringa mi er kva som skjer når nokon tør ytre seg om at dei ikkje er som dei andre. Vi har ein kjempejobb å gjere, for frykta for dei som er annleis enn andre ligg i ryggmargen frå vi er små. Det gjer at dette er eit område, som er veldig personleg og viktig for identiteten vår. Difor vert det å sett utanfor opplevd endå sterkare. Dette er tema vi må ta på alvor, og som eg håpar vi kan drøfte.

Janne Husby Haugen (Sp) meinte at det å flagge i samband med Surnadal Pride, kunne vere ei fin markering.

– Eg tykkjer det er viktig at vi skal normalisere Pride og få det inn under det norske flagget, for det høyrer heime i fellesskapet, hos oss alle. Eg støttar difor at vi flaggar no i helga, som ein start, og at vi tek saka med flaggreglement vidare derifrå, sa ho.

Til slutt arbeidde altså eit samla formannskap seg fram til at det skal heisast regnbogeflagg utanfor kommunehuset i samband med Surnadal Pride førstkomande laurdag.

Powered by Labrador CMS