Kommunestyremøte i Surnadal

Vesentleg mindreforbruk etter 2. kvartal

Publisert Sist oppdatert

På kommunestyremøtet i Surnadal sist torsdag la økonomisjef Vibeke Langli fram kvartalsrapporten for 2. kvartal, som viser eit positivt netto driftsresultat på rundt 15 millionar kroner.

Økonomisjefen sa at ho er glad for at kommunen har dette utgangspunktet for resten av året, på grunn av ein rekordhøg pensjonsreguleringspremie som kom til hovedforfall i august. Pensjonsreguleringspremien er ca 25 millioner kroner høgare enn i fjor, og så stor auke er det ikkje teke høgde for i årets budsjett, sa ho.

Åsakene til den høge pensjonspremien er høg prisvekst, høgt lønnsoppgjer og eit rekordhøgt trygdeoppgjer. I tillegg har det kome eit nytt reguleringsprinsipp som gjer at pensjonistar under utbetaling skal få auka pensjonen sin med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.

Går mot positivt resultat for heile året

Det har vore stor aktivitet i organisasjonen, og både inntektssida og kostnadssida har auka. Mykje av dette er knytta opp mot mottaket av flyktningar frå Ukraina, sa Langli.

Dei fleste einingane signaliserar at dei kjem til å halde budsjettet, men det og nokre som har meirforbruk. Det er særleg eininga for vaksenopplæring og integrering som har så stor vekst og så stor aktivitet at det er vanskeleg å budsjettere rett. Her må det tilførast meir midlar, sa økonomisjefen. Helse og familie har og framleis meirforbruk. Her er det vikarinnleie av legar som er ein stor kostnad.

Om prognosane for resten av året sa økonomisjefen at ho dessverre ikkje trur at åresresultatet blir like bra som resultatet etter 2. kvartal. Det ligg an til eit positivt netto driftsresulat for heile året på rundt 6 millionar kroner, sa ho.

Ny gangbru i Todalen

Lars Inge Kvande (SP) sette fram forslag om at kommunestyret sett av inntil 6 milionar kroner til bygging/kjøp av ny bru over Toåa, i området der dagens «Øyabru» går i dag. Det er plan om en gangbru, gjerne bygd med tre som hovudbyggemateriale. Det er ein målsetting om at den nye brua skal stå ferdig i god tid før 17. mai-feiringa i 2024, gjerne slik at 17. mai toget i Todalen får æra av å innvie brua, heiter det i forslagsteksten.

Eli Vullum Kvande (MDG) ønska ei meir grundig saksutgreiing om brua i Todalen. Ho la fram forslag om å få lagt fram tilstrekkeleg informasjon om arbeid/investeringar knytt til «Øyabrua», og at dette skal kome tidleg i budsjettarbeidet for 2024.

Desse to forslaga vart sett opp mot kvarandre, og kommunestyret vedtok forslaget frå Lars Inge Kvande og Senterpartiet med 15 mot 12 stemmar.

Reguleringsplan fo Moavegen 21 og ny ishockeybane

Andre saker som var oppe i møtet var mellom anna reguleringsplan for Moavegen 21, ny plassering av ishockeybane på Øye skuleområde og godtgjersle og erstatning for tapt arbeidsinntekt for folkevalde.

Kommunestyret vedtok å godkjenne reguleringsplana for Moavegen 21.
Det blir gjort følgande endringar i plankartet:
* Byggegrense frå kryss mot Skeistrøvegen blir justert til 20 meter frå midt kryss for å sikre tilstrekkeleg areal til detaljprosjektering og bygging av nytt vegkryss Moavegen/Skeistrøvegen. 20 meter er som i gjeldande reguleringsplan frå 1989.
* Merknadane frå Statens Vegvesen må takast særleg hensyn til i vidare arbeid i planområdet, samt at tilpassing til omkringliggande bebyggelse blir særleg ivareteke i byggesøknad.

Kommunestyret vedtok og å sette av inntil kroner 500.000,- i investeringsbudsjettet til ny midlertidig plassering av ishockeybane ved Idrettshallen på Øye stadion.

Saksbehandlinga i kommunestyremøtet kan ein no sjå i opptak på Kommune-TV.

Powered by Labrador CMS