Kommunestyremøte i Surnadal

Flere menn og kvinner som sitter i møte.

Vedtok kommunal delfinansiering av vg2 helsearbeidarfag ved Surnadal vidaregående skole for neste skuleår

Publisert

I møte torsdag behandla kommunestyret i Surnadal ei sak som omhandla kommunal delfinansiering av Vg2 Helsearbeidarfag ved Surnadal vidaregåande skole, skuleåret 2023/24.

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at Vg2 Helsearbeidarfaget berre blir starta opp ved Surnadal vidaregåande skole hausten 2023 dersom Surnadal kommune bidreg med delfinansiering av tilbodet.

Ved hovudinntaket til dei vidaregåande skulane for skuleåret 2023/24, var det tre søkjarar med ungdomsrett og fem søkjarar med vaksenrett som hadde søkt Vg2 Helsefagarbeidarfag ved Surnadal vidaregåande skole.

For at ein halv klasse på eit fagområde skal starte opp, er det fastsett som eit kriterie i Møre og Romsdal fylkeskommune, at det må vere minst seks søkjarar med ungdomsrett. Søkjarar med vaksenrett blir ikkje rekna med i elevgrunnlaget.

Surnadal vidaregåande skole fekk difor beskjed i forkant av den politiske behandling at det i utgangspunktet ikkje var grunnlag for å starte opp Vg2 Helsearbeidarfaget frå hausten 2023.

Rektor for Surnadal vidaregåande skule gjekk på bakgrunn av dette 06.03.23 i dialog med Surnadal kommune for å drøfte mogelegheiter for eit økonomisk samarbeid med Surnadal kommune, for å likevel få starta opp tilbodet frå hausten 2023. Surnadal kommune sende også ein uttale til fylkeskommunen kring dette.

På bakgrunn av denne dialogen innstilte derfor kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken til Utdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal sitt møte 17.03.23, å starte opp Vg2 Helsearbeidarfag frå hausten 2023, under føresetnad av ein kommunal delfinansiering av tilbodet.

Kommunedirektøren si innstilling var slik:

1) Surnadal kommunestyre vedtek å bidra med ei kommunal delfinansiering av Vg2 Helsearbeidarfag ved Surnadal vidaregåande skole for skuleåret 2023/24 med kr 375 000,- for hausten 2023 og kr 375 000,- for våren 2024.

2) Helsearbeidarfaget eit høgt prioritert kompetanseområde for Surnadal kommune som arbeidsgjevar, for å møte noverande og framtidige kompetanse- og rekrutteringsbehov innafor helse- og omsorgssektoren.

3) Delfinansieringa gjeld som eit unntak for eitt skuleår, og Surnadal kommune føreset at Møre og Romsdal fylke arbeider for fylkeskommunal finansiering av Vg2 Helsearbeiderfag ved Surnadal vidaregåande skule frå hausten 2024, kor også søkjarar med vaksenrett blir rekna som del av elevgrunnlaget.

Orførar Margrethe Svinvik (Sp) la fram saka for kommunestyret. Ho sa at ho meiner det er eit viktig signal å gje, at eleve utan ungdomsrett og bør telje med i grunnlaget, slik at skulen får fullfinansiert linja når det er nok elevar. Ho peika på at det er ei stor utfodring for samfunnet, korleis ein skal få utdanna nok helsepersonell i framtida. Det er viktig å ha utdanningstilbud nær der ein bur.

Bente Mosbakk (Ap) betegna dette som eit dilemma mellom prinsipp og fornuft. Ho sa at ho støtta innstillinga fullt og heilt, men at dette eigentleg ikkje er ei kommunal oppgåve. Ho sa at ho meiner at det er noko feil med systemet når dei med vaksenrett ikkje tel med i grunnlaget. Ho oppfordra politikarne i dei ulike partia til å ta opp denne saka, både opp mot fylkeskommunen og meir sentrale myndigheiter, for å få ei forandring som gjer at dei med vaksenrett tel med i elevgrunnlaget. Ikkje minst for dei vaksne er det viktig å ha eit utdanningstilbod nær der dei bur, for ein del av dei er familisert. Dette er god distriktstpolitikk på høgt nivå, slo ho fast.

En mann på talerstolen
Bernt Venås (Sp)

Bernt Venås (Sp), som sit på fylkestinget, beklaga på vegne av fylkeskommunen, og aller mest på vegne av Staten, at rammene for fylkeskommunen er så nedskore at dette må til for å finansiere linjer på nokre av skulane.1

Ole Joar Bruset (H) meinte at begrepet ungdomsrett er gamaldags i dag. Den aktuelle klassen ved Surnadal vidaregående skole har 8 søkjarar, minstekravet er 6, og finansieringa er avhengig av om søkarene er over eller under ein viss alder. No har ein nye grupper i samfunnet, som flykningar, og andre som kan vere familisert. Han sa at han håpar at reglane om ungdomsrett blir teke bort. Bruset understreka og viktigheita av å utdanne helsefagarbeidarar, og at han meier at det er heilt feil at ikkje fylkeskommunen vil finansiere dette.

Innstillinga frå kommunedirektøren vart samrøystes vedteken.

Powered by Labrador CMS