Kommunestyremøte i Surnadal

Ca 20 -30 menn og kvinner i et møte

Vedtok fleire endringar i budsjettet

Publisert Sist oppdatert

I kommunestyremøtet i Surnadal torsdag vart det behandla fleire saker om nye investeringsprosjekt, og korrigering av vedtekne postar for investeringar i 2023. Mange av endringane heng saman med busetting av ukrainske flyktningar.

Den økonomiske ramma til ombygging av 97-bygget til nye Skei barnehage vart auka frå kr 18 millionar til 21 millionar kroner.

Surnadal kommune er inne i eit løp med å oppgradere dei branntekniske krava på kommunale bustader. «Pensjonærsbustaden» blei vurdert til å vere i så dårleg tilstand at den burde vore reve, allereie i 2018. Dette vart støtta av ein brannrapport frå same år. Det betyr at per i dag følgjer ikkje boligane dei branntekniske lovkrava, men det er behov for å bruke boligane til ulike innbyggergrupper og flyktningar i ca. 5 år til, og fram til nye løysningar er på plass. Boligane må derfor oppgraderast slik at lovkrava innafor brann blir innfridd. Det er laga ein brannrapport, som seier at det medfører ein kostnad på ca 3, 85 mill for å oppgradere bustadene. Det hastar med å få dette gjennomført, og difor kom forslaget til auka investering med no.

Det skal sjåast på ei heilheitleg løysing for parkering og trafikksikkerheit for heile området på Øye. No har det oppstått ein akutt situasjon for parkering, og det hastar med å finne ei midlertidig løysning. Det er eit sterkt behov for meir parkering på heile Øyeområdet, og bruk av areal til parkering blir i dag bruka til midlertidig skulebygg og barnehage. For å løyse situasjonen er det ønskjeleg å rive eit bygg. Dette bygget skal uansett rivast, og ein vil bruke dette arealet til parkering som ei midlertidig løysing.

Det skal etablerast midlertidige bustader for busetting av flyktningar på Røssmovegen. Det er ønskeleg at tomtebearbeidinga startar så raskt som muleg.

Taket på Ranes kyrkje vart ferdigstilt i 2022, og denne investeringsposten blir teke ut.

Utvidinga av Åsskard kyrkjegard er godt i gang, og mykje av investeringane er gjennomført i 2022. Her vart beløpet justert ned med 200 000 kr, som vart omdisponert til minnelund på Mo og Todalen kyrkjegard.

Kommunedirektøren foreslo og at investeringsbudsjettet på Helsehus trinn 2 – omsorgsbustadar blei justert fordi ein enno ikkje veit om ein vil få tilskot frå Husbanken. Sidan dette ikkje er avklart enno, vil ein ikkje komme i gang med dette prosjektet før tidligast i haust.

Innstillingane til budsjettreguleringar som kommunedirektøren la fram vart vedteke av kommunestyret.

Powered by Labrador CMS