KRONIKK:
Kommunane må ta grep for framtida
Svært krevjande økonomi og store endringar i befolkninga pregar kommunane i Møre og Romsdal. Dei må endre drifta og ta kloke økonomiske val for å kunne tilby innbyggarane gode tenester.
Dei fleste kommunane i fylket står i ein stadig meir krevjande økonomisk situasjon. Mange har brukt meir pengar enn det dei har hatt i inntekter. Fleire har brukt opp sparepengane sine.
Dette gjer kommunane sårbare. Uventa utgifter og sviktande inntekter kan få store konsekvensar. Langsiktig økonomisk styring må til!
Gjeld kostar dyrt
Mange kommunar har investert store summar i bygg, anlegg og infrastruktur. Mykje av dette har vore nødvendig, og kjem innbyggarane til gode. Samtidig har investeringane ført til auka gjeld.
Når rentenivået held seg høgt, må ein stadig større del av kommunen sine inntekter brukast til å betale renter og avdrag. Det betyr mindre pengar til drift, utvikling og tenester. Situasjonen krev at kommunane er varsame og vurderer nye investeringar nøye.
Framtida krev nye løysingar
Økonomien er berre ein del av utfordringsbiletet. Kommunane må tilpasse drifta til store endringar i befolkninga.
Vi blir stadig færre barn og unge og stadig fleire eldre. Dermed er behovet for kommunale tenester i endring – og ressursane må brukast der behovet er størst.
Det blir også færre innbyggarar i arbeidsfør alder, så arbeidskapasiteten må bli brukt på best mogleg måte.
Teknologi kan løyse nokre jobbar. Samarbeid med andre kommunar kan også hjelpe.
Det er ikkje nok å gjere litt. Kommunane sine tiltak må monne og møte utfordringane vi står i. Dei må rigge seg for framtida, og ikkje fortsette på same måte som før.
Innbyggjarane må forstå og politikarane må handle
Dette må kommuneleiinga formidle tydeleg til innbyggjarane, så dei forstår utfordringane og situasjonen kommunen står i – at endringar i drift og tenester må til. Felles forståing gjer omstillinga lettare.
Ungdom og friske eldre kan alle støtte og delta i frivillig eller lønna arbeid. Dei er ein viktig ressurs i fellesskapet.
Endringane vil komme raskt. Politikarane må få tillit, og dei må ta ansvar og handle strategisk og modig. Dei må rigge kommunen slik at framtida blir best mogleg for innbyggarane.
Å berre fortsette som før er feil. Alle kommunar står i same utviklinga i større eller mindre grad, og må ta grep.
Kommunestyra er avgjerande
Kommunestyra er avgjerande. Gode budsjett, økonomiplanar og overordna planar er dei viktigaste styringsverktøya kommunane har. Om desse er realistiske og inneheld tøffe prioriteringar, gir det håp for framtida!
Om kommunane ikkje styrer etter krava i kommunelova, og til dømes ikkje har kontroll over meirforbruket sitt, kjem dei i Robek, og under statleg kontroll.
Møre og Romsdal har no seks Robek-kommunar – nest flest i landet. Det ser ut til å bli fleire. Dette viser kor alvorleg situasjonen er.
Tida for handling er no!
Fleire kommunar er under sterkt økonomisk press. Det krev handling no!
Endring av tilbod må til. Investeringar kommunen ikkje har pengar til må utsettast. Dei må levere tenester ut frå dei pengane dei har.
Kommunane i Møre og Romsdal har moglegheit til å ta styringa over eiga utvikling. Det krev kloke prioriteringar, vilje til omstilling og mot til å sjå lenger enn neste budsjettår. Klarer kommunane det, legg dei grunnlaget for forsvarlege og haldbare tenester i framtida.