Per Ivar Lied og Geir Inge Lien.

Stoppa Ekspertutvalet sitt forslag om nesten 200 mill i kutt til Møre og Romsdal

Publisert Sist oppdatert

I Regjeringa sitt politiske forslag til nytt inntektssystem kjem Møre og Romsdal ut med eit pluss på 17 millionar ekstra. Dette skriv Senterpartiet i ei pressemelding.

- Det nye inntektssystemet sikrar Møre og Romsdal meir midlar. Det er viktig for Senterpartiet, seier Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå Senterpartiet.

- Vi har jobba iherdig frå Møre og Romsdal og har fått gjennomslag for å ivareta kystfylka sine behov og fått stoppa ei omlegging som ville betydd store kutt i ferje, buss og vidaregåande skule i framtida, seier Per Ivar Lied, Sp sin fylkesordførarkandidat.

11. mai la regjeringa fram eit nytt forslag til inntektssystem for fylkeskommunane frå 2024. Regjeringa sitt forslag betyr at Møre og Romsdal fylkeskommune får 17 millionar kroner meir å rutte med.

- Vi skal ha busetting og verdiskaping langs heile kysten. Difor må fylka våre ha økonomi til å levere godt innan tenester som ferje og kollektivtilbod, vidaregåande skular og kultur. Med styrkinga av Møre og Romsdal i det nye inntektssystemet har vi lagt ein grunnstein for vidare utvikling av fylket og kysten vår.

Startskotet for endringa av inntektssystemet var ein rapport frå eit ekspertutvalg som var utpekt av Solberg-regjeringa. Utvalet si anbefaling innebar at Møre og Romsdal ville få langt mindre midlar enn i dag.

- Vi i Senterpartiet har jobba hardt frå lokalt, regionalt og nasjonalt nivå for at vi skal ta vare på fylkeskommunane langs kysten. Fordi det er viktig for Senterpartiet at folk kan bu og leve i heile Møre og Romsdal, er det godt å ha fått gjennomslag, seier Lien.

Powered by Labrador CMS