Ny opplæringslov styrkar nynorsken
Geir Inge Lien og Jenny Klinge, som begge er stortingsrepresentantar frå Senterpartiet, er glade for at stillinga til nynorsken blir styrka i regjeringas forslag til ny opplæringslov. Dette skriv dei i ei pressemelding fredag.
– Dette er viktig både for skriftspråket nynorsk sin del, men også for at vi skal sikre dialektmangfaldet framover. Dette heng saman, seier Klinge.
Regjeringa la fredag fram forslaget sitt til ny opplæringslov. Her blir retten til å få opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har som hovudmål utvida til òg å gjelde ungdomsskulen, samt at det blir innført eit absolutt krav om at skulen skal nytte skriveprogram som støttar nynorsk og bokmål.
I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring på eige språk dei fyrste sju åra av skulegangen. Retten gjeld så lenge det er minst ti elevar som krev opplæring i ei målform. I språkblanda område er det ofte nynorskelevane som kjem i mindretal. No foreslår regjeringa å utvide denne retten til og å gjelde i 8. til 10. klasse.
– Dette er ein historisk viktig siger for Senterpartiet. Eg har kjempa lenge for tiltak som sikrar nynorsken sin plass i den språkdelte nasjonale felleskulturen, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
– At mange elevar vel vekk nynorsk ved overgang til ungdomsskulen, er ikkje berre eit tap for elevane men og for heile samfunnet. Å sikre at nynorsk har gode rammevilkår i grunnskulen er ei viktig politisk oppgåve, seier Toppe.
Regjeringa føreslår og å innføre eit absolutt krav om at skulen skal nytte skriveprogram med nynorsk og bokmål.
− Nynorsken er viktig i Møre og Romsdal. Den er ein del av kulturarva vår med Ivar Aasen sitt store arbeid for å få bygdefolk ut av analfabetisme. I tillegg er nynorsk definitivt det skriftspråket som er nærast det vi snakkar. Difor er dei styrka rettane ei nasjonal sak som er viktig for oss her lokalt, seier Klinge, som er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal.
− Vi veit at det kan være særs positivt for språkutviklinga til ungar og ungdomar å bli eksponert for to skriftspråk. No går vi inn for at alle elevar i grunnskulen skal ha rett til å bruke skriveprogram på sitt skriftspråk frå skulestart i 2024 – det er viktig for nynorsken. Så er det klart at vi og hadde ønska oss ei utviding av det såkalla parallellitetskravet med krav til at fleire læreplattformer hadde vorte tilbydd på begge språkformene, men i dag gler vi oss over dei styrkingane vi har fått til, seier stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Geir Inge Lien (Sp).