Portrettfoto av Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal (2020)
Jenny Klinge

Høgres stadige saman­­slåingsjag er eit problem

– Eg vil oppfordre Høgre i Møre og Romsdal til å fortelle om ei stemme til Høgre ved årets kommuneval er ei stemme til fleire kommunesamanslåingar, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet.

Utspelet frå Klinge kjem etter at Høgres kommunalpolitiske talsperson, Mudassar Kapur, den 27/2 uttalte under Politisk kvarter på NRK at «Vi ønsker å gå til val på at våre kommunar, altså høgrestyrte kommunar, skal invitere til nabopratar.»

– Eg håpar for Møre og Romsdal sin del at Kapur ikkje får gjennomslag for synet sitt på landsmøtet til Høgre etter kvart, men vi veit jo kor høgt sentralisering står i Høgre. Også tvangssamanslåing. Etter at Høgre var ein sterk pådrivar for å slå saman både kommunar og fylke sist dei sat i regjering, ser vi no saker som Haram ut av Ålesund. Resultat av nettopp ei mislukka tvangssamanslåing, påpeikar Klinge.

– Eg fryktar at ein ny aggressiv runde med lokking og truing for å oppnå kommunesamanslåingar viss Høgre får regjeringsmakt igjen i 2024 vil tappe energi frå det kommunane faktisk skal drive med, nemleg velferdstenester til innbyggarane sine. Kommune- og fylkestingsvalet i haust er viktig fordi folk faktisk må ta stilling til også lokalt om dei der ønskjer å støtte parti som Høgre. Det er verdt å merke seg at dei held fram med å snakke ned små og mellomstore kommunar, lokale politistasjonar og eit spreidd offentleg tenestetilbod, seier ho.

Klinge fortel at Høgre fekk redusert kommunetalet frå 428 til 356 under si regjeringstid, saman med samarbeidspartia Frp, V og KrF.

– Unge Høgre har dessutan eit mål om å redusere talet på kommunar til berre 100, seier ho, og held fram:

– Det er verdt å merke seg at det ikkje nødvendigvis er nokon samanheng mellom kva Høgre påstår om dei små og mellomstore kommunane og kva forskinga viser. Høgre påstår jo at små kommunar har svakare kompetansemiljø, dårlegare tenester og dyrare kommunale avgifter. Men problemet med å skaffe kvalifisert arbeidskraft og å behalde arbeidskrafta varierer i ulike kommunar. Senter for omsorgsforsking har til dømes funne ut at innbyggarane i små kommunar opplever betre tilgjengelegheit til viktige tenester som heimeteneste og sjukeheim og at dei er meir fornøgde med desse tenestene, avsluttar Klinge.

Powered by Labrador CMS