Nordmøre Forsvarsforening sin logo

40-årsjubileum i Nordmøre forsvarsforening

Publisert Sist oppdatert

NORDMØRE FORSVARSFORENING (NF), TIDLEGARE INDRE NORDMØRE FORSVARSFORENING (INF), 40 ÅR I 2022 var NF 40 år.

Det blei ikkje halde noko spesiell jubileumsmarkering i denne samanhengen.

I styremøte i NF 16.12.22 blei det under sak 3 «Opplegg for markering av 40- årsjubileum» fatta slikt vedtak: Styret vil på årsmøtet 2023 markera på ein enkel måte dette. Leiar vil forespørre sekretær Johannes J. Vaag om å framføre ei jubileumsberetning på bakgrunn av den som vart utarbeidd ved 30- årsjubileet. Underskrivne, som hadde forfall på dette møtet, tok på seg oppgåva. Her kjem jubileumsberetninga:

På årsmøtet i NF 21. februar 2023 hadde sekretær i INF/NF gjennom 30 år, Johs. J. Vaag, ein kortfatta gjennomgang av verksemda gjennom 40 år.

Det blir elles vist til 20-årsmeldinga frå 2002, 25-årsmeldinga frå 2007 og 30- årsmeldinga frå 2012.

INF blei stifta i 1982. Det første ordinære styret hadde desse medlemane: Lars Magnar Bævre, Lars Indreiten, Harald Solvik, Arthur Korsnes, Per O. Moen, Kjell Larsen og Ivar Jonas Nørbech.

I samband med oppstarten hadde INF i 1983 besøk av dåverande president i Norges Forsvarsforening (NFF) Alv Jakob Fostervoll og generalsekretær C.C. Bovitz.

Leiarar har vore:

1982 – 1983 Ivar Jonas Nørbech (interimsstyre)
1984 - 1985 Lars Magnar Bævre
1986 - 1987 Lars Indreiten
1988 - 1989 Østen Røe 1990 – dags dato Olav Jostein Holten

Styret har i jubileumsåret hatt flg. samansetting:

Olav Jostein Holten, leiar
Lars Indreiten, nestleiar
Johs. J. Vaag, sekretær
Halvor Flatekval, kasserar
Ivar Edmund Vatten, styremedlem

Det er verdt å merke seg at Lars Indreiten har vore med i styret for INF/NF i samanhengande 40 år. Det er imponerande! Takk til Lars for framifrå innsats! Det er og verdt å merke seg at vår leiar, Olav Jostein Holten, har hatt leiarvervet i samfulle 32 år. Også dette er i høgste grad imponerande! Som leiar har Holten også vore aktivt med i landsstyret i NFF. Stor takk også til han! Begge desse to karane er typiske døme på ekte forsvarsvener.

25-årsjubileet i 2007 blei halde på Todalshytta og da var president i NFF, Alv Jacob Fostervoll, til stades og heldt tale.

Ved 30-årsjubileet i 2012 hadde sekretær Johs. J. Vaag presentasjon av 30- årsmeldinga. Det var festtale ved generalsekretæren i NFF, Christian Bugge Hjorth, og musikkinnslag ved Eistein Bæverfjord.

Dei siste 30 åra har det kvart år vore fyldige årsmeldingar. Desse har vore sendt ut til medlemane føreåt kvart årsmøte. Dette vil kunne dokumenterast. På denne måten har medlemane i INF/NF fått god oppdatering over kva som har gått føre seg i foreininga dei einskilde år. Mange medlemar har vore med i svært lang tid.

Styret i INF har dei siste 30 åra alltid året i førevegen vedtatt aktivitetsplan for det komande året. Denne plana har så blitt kunngjort for medlemane gjennom innkallinga til årsmøtet.

Krigsminnesamlinga

Det var tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal og president i NFF, Alv Jakob Fostervoll, som sto for den offisielle opninga av Krigsminnesamlinga.

Den store oppgåva i tida frå hundreårskiftet om lag og fram til i dag har vore drifta av Krigsminnesamlinga ved bygdemuseet på Åsen. Det er oppretta leigeavtale mellom INF og Surnadal kommune om bruken av gamleskolen på Åsen/Eidet.

INF sørga for at det blei skaffa midlar slik at det blei lagd nytt skifertak på gamleskolen. Dette var etter måten ein relativt stor kostnad.

Under den årlege Vårsøghelga har det kvart år vore open dag på Krigsminnesamlinga. Kvart år har det vore dugnad. Da blir det rydda, vaska, snikra og måla.

Kvart år har det vore gruppevis besøk på Krigsminnesamlinga av alle 9- klassingane ved Surnadal ungdomsskole. Elevane har vore innom fleire stasjonar. Opplegget er eit samarbeid med Bygdemuseet på Åsen. Interessa frå dei unge har vore god. Olav Jostein Holten og Kristian Johan Henden har stått for orienteringa. Sjur Fedje har vore engasjert til å registrere og katalogisere utstyr, effektar og ymse dokument som høyrer til Krigsminnesamlinga. Olav Kvendset har og gjort eit bra arbeid i denne samanhengen.

Med verknad frå 1. januar 2022 overtok yngre krefter drifta av Krigsminnesamlinga. Det vart da etablert eit underutval av INF som fekk i oppgåve å vidareføra drifta av samlinga. Utvalet er på 4 medlemar. Eitt medlem av underutvalet blir utpeika av styret. Det er vedtatt instruks på 8 punkt for underutvalet.

Studieturar

Ein årviss aktivitet har vore studieturar/sommarturar for medlemane av INF. Det har vore turar til Støttepunkt på Finset/Melland på Skarsøya i Aure, Kråkvåg Fort, Austråt Fort, Ergan Fort og Hysnes Fort. I Trøndelag har ein besøkt kjende stader frå siste verdskrigen som Hegra festning og Falstadskogen. Det vil før for langt å nemne alle stadane som har vore besøkt. Dei siste åra har desse turane vore lagd opp som eit samarbeid mellom INF og Nordmøre Brigadeveteranforeining.

Skiskytingens Dag og prøve til skiskyttarmerket

Sidan 2007 har INF årleg vore arrangør av Skiskytingens Dag. Dei fleste åra har dette arrangementet vore lagd til skiskyttaranlegget på Nordmarka. Dei første åra var Bæverdalen skyttarlag si skiskyttargruppe medarrangør.

INF har frå og med 2010 årleg arrangert prøve til Norges Skiskyttarforbund sitt skiskyttarmerke etter militært program, dvs. 10 km langrenn med skyting. Deltakarane har med få unntak deltatt i klassen med militært utstyr (uniform, militære ski og AG3 som våpen). Dei første åra var NROF Nordmøre ein samarbeidspartnar. Arrangementet har gått føre seg ved Toreseter i Bæverdalen og dyktig løypeleggar har Olav Jostein Holten vore. Dette opplegget var til dømes avgjerande for at INF sin sekretær, Johs. J. Vaag, i 2019 oppnådde krava til Norges Skiskyttarforbund sin Heiderspris i gull til skiskyttarmerket, som den første i Norge. Visepresidenten i Norges Skiskyttarforbund, Lisbeth Gederaas, tok turen frå Stjørdal til Surnadal i dette høvet. Under ei tilstelling på Hammerstuene 28.09.19 heldt Gederaas tale, overrekte blomar og tildelte utmerking.

Ymse

Olav Jostein Holten har vore aktivt med som leiar av den såkalla Nåverdalskomiteen i samband med oppføring av minneplate over falne ved kampane i Nåverdalen under siste verdskrigen.

INF har tradisjon på å engasjere seg i beredskapsarbeid på brei front.

Opp gjennom åra har INF stått bak fleire uttalar om forsvarsspørsmål. Desse uttalane har som oftast vore utforma av Lars Indreiten.

INF har dei fleste år hatt opplegg med markering av frigjeringsdagen/veterandagen 8. mai. Desse markeringane har til vanleg vore ved bautaer over falne frå 2. verdenskrig. Markeringane har vore lagt til ulike stader i INF sitt nedslagsfelt. Dei siste åra har markeringane vore i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening.

Leiar Olav Jostein Holten har representert INF ved mange gravferder vedkomande avlidne medlemar av foreninga. Holten har bore fram mange minneord opp gjennom åra.

Medlemar frå INF var aktivt med i filmen som Eistein Bæverfjord laga om siste verdskrigen og stoda i Surnadal.

INF har gjennom mange år vore representert med stand på Øramartnaden.

I mange år har medlemar frå INF deltatt på Forsvarets julegudsteneste i Nidarosdomen.

INF har sørga for at fortente medlemar og andre har blitt tildelt utmerkingar som Deltakarmedaljen, Kongens fortenstmedalje og NFF sin medalje.

14.09.19 var det militærhistorisk vandring på Øye i Surnadal. Surnadal vidaregåande skole var samlingsstaden. Øyvind Holte og Sjur Fedje orienterte om tyske anlegg på Øye-området og elles i Surnadal. Det var bra oppmøte.

Hærverk på kommandobunkersen ved Kyrkjelydshuset på Skei blei meldt til politiet av leiaren i INF i 2019. Hendinga var førstesidestoff i avisa Driva av 24.07.19.

På årsmøtet i INF 15.02.22 vart det vedtatt av Indre Nordmøre forsvarsforening skulle endre namn til Nordmøre forsvarsforening. Dette som følgje av at Ytre Nordmøre forsvarsforening diverre blei nedlagd. Det vart gjort fleire forsøk på å få foreininga i gang igjen, utan at det lukkast.

I løpet av 2023 vil Mørekonferansen om Tryggleik og Beredskap bli arrangert på Kulturhuset på Skei. Forsvarsforeiningane på Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre står i fellesskap bak opplegget. Forsvarsforeininga sentralt er også med i planlegging og opplegg. Statsforvaltaren vil delta på konferansen. Dato for gjennomføring av denne konferansen er enno ikkje endeleg fastsett.

Vår leiar, Olav Jostein Holten, er med i programgruppa for konferansen.

Ved årsskiftet 2022/2023 hadde NF 45 medlemmar. Medlemstalet har gått noko ned dei siste åra.

Dei seinare åra har det utvikla seg ein tradisjon med godt samarbeid mellom NF/INF og Nordmøre brigadeveteranforening. Det er all grunn til å tru at dette gode samarbeidet vil halde fram.

Sekretæren har på beste måte prøvd å få med det viktigaste som har skjedd i INF/NF si 40-årige historie. Da er tida etter 30-årsjubileet naturleg nok blitt mest vektlagd.

Johannes Johannesson Vaag Sekretær i Nordmøre forsvarsforening

Powered by Labrador CMS