Ei hytte på fjellet.
Mot Fagerlidalen, fra Vindøldalen

Naturtypekartlegging i Møre og Romsdal

Frå mai til oktober i år gjennomfører Miljødirektoratet ei omfattande kartlegging av naturtypar i utvalde område i Møre og Romsdal. Dette skriv Statsforvaltaren på si heimeside tysdag denne veka.

Statsforvaltaren oppmodar grunneigarar i dei aktuelle områda til å ta kontakt med Statsforvaltaren dersom det er særlege omsyn vi bør ta på deira eigedom.

Kvifor kartlegg ein naturtypar?

Formålet med kartlegginga er å skaffe solid dokumentasjon om naturen, som blant anna kan brukast i arealplanlegging. Dette bidrar til å ta omsyn til naturen tidleg i slike prosessar og gir auka effektivitet og forutsigbarheit. Kartlegginga er òg nyttig for grunneigarar som ønskjer å søkje om tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskap.

Kva blir kartlagt?

Ikkje all natur blir kartlagt. Dei 111 ulike naturtypane som skal kartleggjast er fastsette i kartleggingsinstruksen for 2023, gjeven ut av Miljødirektoratet. Dei fleste av desse naturtypane er raudlista i Noreg, medan resten kartleggjast fordi dei er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Det skal kartleggjast område i fem kommunar i Møre og Romsdal i år. Du kan òg sjå alle områda som skal kartleggjast i år via Miljødirektoratet si digitale kartløysing. Resultata frå kartlegginga blir tilgjengelege for alle våren 2025 gjennom Naturbase. Her kan du òg sjå kva for naturtypar som tidlegare er funne ved kartleggingar.

Kartlegging i verneområde

Enkelte av verneområda våre vil også bli kartlagt i år. Blant desse er Fagerlidalen i Trollheimen, i Surnadal kommune.

Les heile saka på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin heimeside.

Powered by Labrador CMS