Pressemelding fra Naturvernforbundet:

Truls Gulowsen og Øystein Folden

Har vi berre plass til eitt rovdyr – Homo sapiens?

Kvar skal det eigentleg vere rovdyr? I Afrika, på Svalbard, i Amazonas? Viss vi høyrer på Senterpartiet, vil vi snart sitte igjen med ein natur utan klør og skarpe tenner, der det berre er plass til eitt rovdyr: Homo sapiens.

Publisert

Igjen vil Senterpartiet skyte dei store rovdyra ut av norske fjell og skogar. Den 2. august gjekk stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl ut i Nationen og bad om ei halvering av bestandstala for rovdyr. Det føyer seg inn i rekka av partiet sine angrep på dei store rovdyra sin rett til eksistens. Det er skremmande at partiet køyrer valkamp med polariserande retorikk for å endre rovdyrforliket sitt mål om levedyktige bestandar i Norge. Ein så drastisk reduksjon av bestandsmålene, som allereie ligger på eit minimum av kva ein bestand trenger for å kunne fungere, vil ramme desse dyra hardt.

Endå meir skremmande er det at det denne sommaren har vore ei rad utspel frå politikarar om ei anna rovviltforvalting, påverka av SP og pressgrupper, og ikkje av norsk lov og forsking. Dette toppar seg i at ordførarar krev automatisk fellingsløyve når rovdyr blir sett i prioritert beiteområde.

Noreg har vedtatt at vi skal ha 13 årlege ynglingar av brunbjørn. Eit mål svært langt frå at Noreg kan seiast å ta vare på ein levedyktig bestand av bjørn, men i det minste eit signal på at Noreg også vil ta ansvar for det biologiske mangfaldet i verda. Det er ikkje berre afrikanarar som skal ta vare på sine løver, vi må også ta i eit tak.

Vi var langt frå å oppnå 15 ynglingar som først var målet, så målet blei justert ned til 13, så det kunne bli lettare å nå. Mykje kan skje når Stortinget er samde om å bli samde. Sjølv med redusert mål skaut ein binner som altså var ein del av middelet for å nå målet. Då blei det sagt at ein skulle skunde seg langsamt, at ein i framtida ein gong skulle kome fram til målet.

I 2020 nådde ein delmålet på 3 ynglingar for Midt-Noreg. Då skulle ein tru at ein var nøgd, og at ein ville prøve å halde bestanden på det nivået. Men alt før 2021 var på plass hadde svenske naboar forvalta bjørnar på si side, også nokre norske binner som av ulike grunner var på «feil side», slik at dei ikkje kunne vere ein del av den norske oppfyllinga av målet i 2021. For å sikre seg har så rovviltnemnda vedtatt at dei kunne skyte endå nokre binner. Nemnda har aldri vore tydeleg på at dei trur ynglemålet vil bli nådd også for 2021 og åra framover. Dei har berre vore tydelege på at dei ikkje fort nok kan få skote endå nokre fleire bjørnar.

Det finst nokre som viser til svenskane når det gjeld bjørnejakt. Når svenskane kan skyte 500 bjørnar i året, bør då vi kunne skyte nokre? Då bør ein også seie at svenskane har så mange bjørnar at arten no står på svensk raudliste berre som nær truga. Hadde det vore fleire tusen bjørnar i Noreg, så kunne vi også ha jakta nokre hundre bjørnar i året utan at det var noko problem.

Det blir hevda at Noreg ikkje treng å ha eigen bjørnebestand for at arten skal overleve. Då skal ein huske at mål kring biologisk mangfald ikkje berre dreier seg om bjørn. Når vi har så mange bjørnar som vi burde ha, så påverkar det bestanden av andre dyr, t.d. av elg og hjort. Det er minst like viktig som at vi har eit visst tal bjørnar i Noreg. Bjørnene har ein jobb å gjere med norsk natur.

Når vi med avrunding oppover nådde målet i Midt-Noreg, så bør vi ikkje redusere bestanden så vi ikkje når målet også i åra som kjem. Difor må rovviltnemnda tenkje på ein annan måte.

Leiarane av rovviltnemndene i Hedmark, Oppland og Midt-Noreg seier i eit innlegg nyleg: «Når det er funnet et kadaver drept av rovvilt i beiteprioriterte områder skal det gis skadefellingstillatelse eller gjennomføres en flytting av rovviltet fra disse områdene umiddelbart.» For dei 17 binnene som var grunnlaget for at vi nådde ynglemålet ville det då bli jakt på 15 av dei. Berre 2 ville gå så nokolunde

trygt innanfor det området som forvaltinga har kome til er stort nok for bjørnestammen i Midt-Noreg. Det er truleg ikkje ein einast hannbjørn som kan gå trygt.

Det går berre ikkje an å ri prinsipp som i praksis vil rydde ut heile bjørnebestanden, sjølv om dei finst som ei av mange setningar i rovviltforliket.

Powered by Labrador CMS