Møre og Romsdal Fylkeskommune melder:

Private gjerder må vere minst 3 meter frå vegkanten

Tida for kantslått langs fylkesvegane

I slutten av mai går startar kantslåtten langs fylkesvegane. Dette gir betre sikt, finare omgjevnader og er viktig for naturen, men ein er avhengig av godt samarbeid med naboar for effektivt arbeid.

I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått. Den eine frå mai og den andre startar i august.

- Å slå graset gir sikt og tryggleik langs vegane, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- I tillegg er dette viktig for artsmangfaldet.

Det er vanskeleg med kantslått når noko er festa til autvern, til dømes.

Det er imidlertid nokre utfordringar med arbeidet kvart år, mellom anna gjerder og gjenstandar som står for nært vegen. Ofte er private gjerde festa i autovernet, noko som kjem i konflikt med maskinene ein bruker i arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding.

Powered by Labrador CMS