Møre og Romsdal Fylkeskommune:

Buss ved bensinstasjon

På jakt etter eigedomar for framtidig plassering av bussdepot på Skei

Har behov for aktuelle tips frå grunneigarar innan fredag 15. mars.

Stasjonering av elektriske bussar

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for kollektivtransporten i Møre og Romsdal fylke, herunder busstenester til rute- og skolekøyring, og har i den forbindelse behov for eigedom som skal brukast til stasjonering av elektriske bussar på Tingvoll, Skei, Sunndalsøra og i Eidsvåg frå 1. januar 2026. 

Lokasjon for bussdepot på Skei

I forbindelse med framtidige konkurransar om drifting av kollektivtrafikk (rutepakker) ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å kunne tilby lokale og tomt til det selskapet som vinn konkurransen. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker derfor å leige eigedom på Skei. 

For bussdepot gjeld:

Tilkomst frå hovudveg:

Fleire bussar skal til og frå lokasjonen. Det vil bli lagt stor vekt på at avkøyring frå hovudveg er god og at tilkomsten er enkel, god og sikker.

Plassering:

Det blir lagt stor vekt på ei sentrumsnær plassering. Samtidig bør ikkje busstrafikken vere til sjenanse for naboar.

Fra dagens bussparkering i Surnadal

Nøkkelopplysningar arealbehov og bygningsmasse

Arealbehovet for tomt anslås til ca 8.8 dekar, med parkeringsareal for minimum 17 bussar opp til 15 meter og parkeringsareal for 20 tilsettebilar.  Det må kunne leggast til rett for etablering av ladestasjon. 

Vidare er det behov for bygningsmasse som kan huse:  

- Vaskehall med utvendig-  og innvendig vask

- Administrasjonsbygg for administrasjonstilsette (1-2 kontor) og sjåførar

- Kjøkken/pauserom som også kan bli nytta som møterom for tilsette

- Lager/rekvisita rom

-  Garderobar med toalett, dusj og skåp

-  Eigedomsmassen må helst vere innflyttingsklar

Møre og Romsdal fylkeskommune må ha aktuelle tips frå grunneigarar innan fredag 15. mars.

Powered by Labrador CMS