Positiv befolkningsutvikling i Møre og Romsdal

Et bilde tatt fra en høyde med et hyttefelt i forgrunnen og et boligfelt lenger nede i dalen. Utsikt til fjord og fjell.
Grytafeltet i Surnadal.

For første gong over 270.000 innbyggarar 

Aldri før har det vore fleire innbyggarar i Møre og Romdal. Ved inngangen til 2024 talte fylket 270.624 personar.

Folketalet vaks med 2.259 personar, eller 0,8 prosent, i 2023, og passerte med det 270.000 innbyggarar for første gong. Dette skriv Møre og  Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding. Trenden er den same nasjonalt: Veksten i folketalet var på 1,1 prosent, noko som gir ein vekst i Noreg på 61.219 personar i 2023. Dermed passerer vi 5,5 millionar innbyggarar i landet, viser ferske tal for demografisk utvikling frå Statistisk sentral byrå (SSB). 

Hovudårsaka til veksten i folketalet, både nasjonalt og i Møre og Romsdal, er flyktningstraumen frå Ukraina.

Med unntak av Ålesund kommune, der Haram har blitt eigen kommune igjen frå 1. januar 2024, var det fem kommunar i fylket som hadde nedgang i folketalet førre år. Stranda kommune hadde størst prosentvis i nedgang med -1,7 prosent, mens Rauma hadde størst oppgang i folketalet med 3,6 prosent. Veksten i Rauma kommune er påverka av at det blei etablert eit flyktningmottak mot slutten av 2023.

I Surnadal kommune voks folketalet frå 5912 til 5953 personar i 2023.

Låge fødselstal held fram

Vidare heiter det i pressemeldinga at det i 2022 var historisk låge fødselstal i fylket, med berre 2.336 fødde barn. I 2023 kom 2.343 barn til verda, ei marginal auke på sju barn.

Ser vi på fødselsoverskotet, som viser forholdet mellom fødde og døde kvart år, var det i 2022 for første gong i moderne tid eit underskot i fylket med 115 personar. For 2023 var fødselsoverskotet på fire personar. For landet under eitt, auka fødselsoverskotet frå 5.706 personar i 2022 til 8 177 personar i 2023. Talet på fødde barn auka frå 51.480 i 2022 til 51.980 barn i 2023, ein vekst på 500 barnefødslar. 

Etter høge dødstal i 2022, var det ein nedgang i døde i 2023, noko som var heilt avgjerande for at det blei eit fødselsoverskot i Møre og Romsdal. I 2023 døydde 2.339 personar, ein nedgang på 122 dødsfall frå 2022. Dei nasjonale dødstala viser den samen trenden, med ein nedgang frå 45.774 døde i 2022 til 43.803 i 2023. 

Det var fødselsunderskot i 17 av kommunane i fylket i 2023. Sunndal hadde det største fødselsunderskotet, med -35 personar, medan Surnadal hadde eit fødselsunderskot på 10 personar.

Les meir om dette og sjå statistikken for kvar enkelt kommune på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS