Det var veldig populært blant ungane då Beret Sande, Liv Dalsegg og Magne Snekvik varta opp med is i sola måndag.

Oppmuntra ungane med is

Koronapandemien har gjort det siste året spesielt, også for elevar, barnehageungar og tilsette ved Mo Oppvekstsenter. Difor ville rektor Beret Sande og dei andre tilsette gje ungane ei oppmuntring, og måndag kom Liv Dalsegg og Magne Snekvik frå Surnadal Sparebank med is.

– Vi ville gjere noko ekstra fordi ting i koronatida har vore annleis enn det ungane har vore vante med. Dei har vore superdyktige til å følgje alle reglar. Same kva reglar vi har kome med, har responsen vore "Ja, det er fint, vi skal gjere det sånn".

Det seier Beret Sande, rektor med fagleg ansvar ved Mo skule, som er ein del av Mo Oppvekstsenter.

– Skuleåret starta med at ungane var delte i ulike grupper, som ikkje fekk lov til å vere på same område når dei var ute for å leike. Det er så lite dei får lov til elles og, når det gjeld til dømes bursdagsfeiringar og alt av fritidsaktivitetar, seier Sande.

Mo Oppvekstsenter tok difor kontakt med Surnadal Sparebank, med spørsmål om dei kunne sponse is til ungane. Og banken nølte ikkje med å seie ja.

Rektor Beret Sande ved Mo skule saman med Magne Snekvik og Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank

– Dette tykkjer vi er veldig positivt. Det er som Beret seier, ei veldig vanskeleg tid for ungane. Vi brukar vanlegvis ha skuleelevar på besøk i banken, men det kan vi ikkje, slik situasjonen er no. Så det å få kome ut og gje dei noko er berre artig, og det minste vi kan gjere, seier marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

Saman med Magne Snekvik troppa ho måndag opp ved oppvekstsenteret med 400 isar. Det skal nemleg delast ut ein is per person per dag heile veka, og med 35 skuleelevar, 29 barnehageungar og inntil 17 tilsette, må det store mengder is til.

At det vart akkurat is, er av smittevernomsyn, fortel rektor Sande, som er glad for støtta frå Surnadal Sparebank.

– Dette ville kosta litt for mykje for oss, så vi er glade for at banken er så velvillige, seier ho.

Powered by Labrador CMS