Orgelstafett

orgel i kirke
Marcussen-orgelet i Øye kyrkje.

«Instrumentenes prinsesse» i tale

Orgelstudentar musiserer i Mo, Todalen, Åsskard og Øye kyrkjer torsdag denne veka. Vårsøghelga slår eit slag for «Instrumentenes dronning».

Publisert Sist oppdatert

Dronning-tittelen var visst Mozarts påfunn. Våre lokale orgel helst er vel for små «prinsesser» å rekne. Men desse bygdene har ein lekker orgelpark - etter prisverdig gjevarinnsats av kyrkjefolket i nyare tid.

Sjeldan vare

Slik fortener folket å få oppleve flott musikk på instrumenta dei sjølve er eigarar av. Vel er orgelet og organisten regelmessig å høre, i breitt musikalsk spekter, ved gudstenester og kyrkjege handlingar. Men rein orgelkonsert er sjeldan vare.

Tiltak mot nedprioritering

Da er det prisverdig at Vårsøghelga har hyra studentane Johannes Høyland, Tove Kyvik, Solveig Karoline Flekstad Vik og Patrick J. Pöppel til å utfalde seg her denne torsdagen. Dei har spenstig og variert musikk på programmet. 

- Tiltaket er også vinkla mot nedprioriteringa av kyrkjemusikk ved Institutt for musikk ved NTNU og mot organistmangelen i distrikta, seier Vårsøg-leiar Anders Larsen. 

Lokalt er det faktisk eit håp at nokon av dei aktuelle solistane kan få lyst til å jobbe her.

Fin orgelpark

Mykje innsamlingsdugnad ligg bak finansieringa av nye orgel til dei aktuelle kyrkjene. Fantasien var stor, og kulturkveldar, kronerulling, basarar og andre tiltak skaffa mange hundretusen kroner i kvart sokn frå 1980-talet og utover.

Åsskard fekk i 1982 det danske firmaet Starup til å bygge nytt orgel. Dette er på 10 register - forenkla sagt «piperekkjer». 

orgel
Åsskard kyrkje: Starup-orgel (1982) med 10 register.

Øye kyrkje har eit Marcussen-orgel, også dansk, bygd i 1988. Dette er noko større enn Åsskard-orgelet.

orgel
Øye kyrkje: Marcussen-orgelet frå 1988.

Orgelet i Todalen er både eldre og nyare enn dei to nemnte. I 1932 gav «gullkongen» Fredrik Bruseth eit flott instrument til bygda der han stamma frå. Det var levert av Brødrene Torkildsen (Åsen i Trøndelag). I 1995 utvida og ombygde Henrik Brinck-Hansen dette. Her kling dermed både gamle piper frå 1932 og nye frå 1995. - Ikkje minst høver «romantisk» musikk godt her, seier gjestande organistar.

kirkeorgel
Todalen: Gullkongens Torkildsen-orgel frå 1932 vart i 1995 utvida og ombygd til eit moderne instrument.

Mo kyrkje - bygd i 1728 - har eit orgel i «barokkstil», som kan seiast å matche kyrkja sin alder. Det er bygd av Gebrüder Reil frå Nederland i 1987 og var først i privat eige hos organist Johan Gjendem i Elnesvågen. Mo sokn kjøpte det i 2004.

orgel
Mo: "Barokkorgel" frå 1987 - stilmessig tilpassa kyrkja, som vart bygd i 1728.

No kan altså folk i området få høre unge studentar utfalde seg og ulike komponistar på desse fire instrumenta.

Annonse

I torsdagens orgelstafett fordeler studentane seg og legg konsertruta slik:

Mo kyrkje kl. 10.00

Todalen kl. 13.00

Åsskard kl. 13.00

Øye kl. 15.00

Powered by Labrador CMS