Portrettbilde av en eldre mann.

Til minne om Johnse

Publisert Sist oppdatert

Det er tungt å innsjå at John (Johnse) Sættem har gått bort - berre 78 år gammal. Noko vart så stilt. Ein klang har tagna - kolven i bjella er borte.

Denne klangen minnest vi som den unike songstemmen. Og som artisteriet på scena - både i det laussleppte og det ettertenksame. Vi fornemmer også etterklangen av hans nærver i handverk, arbeid og sosiale samanhengar

Det er sagt at humor er livsmedisin. Da gjorde Johnse litt av ein helseinnsats! Den treffande og artige replikken var hans varemerke. I Bøfjorden Teaterlag, på Svarraberg-scena i Surnadalen og festivalar i Hemne og på Høylandet bidrog han til lun humring og jublande latter. Helsesamt på alle vis.

Frå eit livslangt vennskap minnest eg ein 17. mai i gutedagane – da Johnse stod på kaia og nynna «Valdresmarsjen». Tenk det – så flott og musikalsk av ein gutunge! Det skulle bli mykje samklang mellom oss oppover åra – i Halsa Songlag, Bøfjorden Mannskor og ymse felleskor. Johnse var den blanke førstetenoren og vår flotte solist – anten vi song Skomværvals, sjømannskabaret, julekantate eller Den store hvite flokk. (Godt at det finst opptak!)

Over alt skapte han atmosfære og humør. Dei artige innfalla hans på øvingane kom når du minst venta det. Som da ein i mannskoret sa at avisa VG var fordummande, difor hadde han slutta å lesa den. – Men det hjelpte da ikkje det slag! kom det slagferdig frå Johnse.

Oppveksten i bureisingsfeltet Slettå gav han eit nært og kjært forhold til grenda og den storslåtte naturen attmed Hjelmen og forma nok hans sterke karakter.

Friluftsmannen og jegeren, poeten og tradisjonsbevararen, songaren og revykunstnaren Johnse fekk si fortente påskjøning med Bøfjorden Historielags bygdepris i 2010.

Av yrke var han snikkar. Sitt dyktige handlag delte han raust og hjelpsamt også på fritida. Som ein nabo sa det: - Viss eg ringer Johnse og bed han om ei teneste, så står han på trappa før eg har slått av telefonen!

Ei fullsett Åsskard kyrkje på gravferdsdagen torsdag 23. november vitna om ein som fekk bety mykje for sambygdingar og folk på Nordmøre elles.

Ingen kan erstatte Johnse. Men etterklangen vil lyde lenge. Takk for vennskapet!

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS