Styrkår Brørs

Minneord om Styrkår Brørs (1934 - 2024)

Publisert Sist oppdatert

Styrkår Brørs døydde 15.februar 2024, nesten 90 år gammal. Med han har ein markant surndaling gått ut av tida.

Som son til folkehøgskolerektor Sturla Brørs (rektor 1932-57) vart han sjølvsagt ein kjent person i bygda heilt frå barndommen, og etter oppvekst, utdanning og nokre års arbeid utanfor kommunen, mellom anna 2 år på Orkdal landsgymnas, kom han tilbake i 1964 og vart verande her som ungdomsskolelærar. Men både han og kona, Kjellaug, og familien, markerte seg snart tydeleg også utanfor skolen.

Styrkår Brørs hadde spesielle interesser for trim og skirenning – og han var i 25 år ein ivrig deltakar på Birkebeinarløpet. Og innanfor kunst og handverk, der han og hadde tatt spesiell fordjuping i utdanninga, deltok han også på utstillingar i Kunstforeininga. Ekstra fordjuping hadde han og tatt på Lærarhøgskolen i norsk og historie.

Spesielt innanfor teater- og revyarbeid gjorde han ein stor innsats i mange år. Amatørteater-tradisjonen i Surnadal, som gjekk tilbake til 1930-talet, fekk ei oppblomstring på 1960-talet. Og i denne oppblomstringa vart Styrkår Brørs ein sentral person, med teatererfaring frå folkehøgskolemiljøet og frå lærarskoletida si på Levanger og frå teater- instruktørarbeid både i Trondheim og Orkdal. Det er her verd å minnast at Styrkår Brørs har skrive fleire viktige lokalhistoriske bøker frå Surnadal, mellom anna om energiselskapet «Svorka», om Surnadal kommune 1965-2005 (frå 2005), om «Tordenskjold Songlag» (2008) og ikkje minst «Heittgjort», med teater- og revyminne frå Surnadal 1965-2020 (frå 2021).

Styrkår Brørs var ein aktiv og sentral medlem i Surnadal Heimbygdlag gjennom heile livet, og både han og kona, Kjellaug har hatt sentrale tillitsverv her, m.a. som leiarar og skrivarar. Styrkår var tydeleg inspirert av Hans Hyldbakk, med ei nynorsk språkføring som var nært knytt opp mot surnadalsdialekten. Attåt bøkene vart det og opp gjennom åra mange artiklar i «Du mitt Nordmøre», og han var medredaktør både av 2010-utgåva av Vårsøg-dikta til Hans Hyldbakk og «Ville blomstra» (frå 2006) etter Jørgen Gravvold. I 2005 fekk Styrkår Måldiplomet til Surnadal Heimbygdlag, og i 2021 fekk Kjellaug og Styrkår Brørs Nordmøre mållags Målpris for 2020 for innsatsen sin når det gjeld bruken av nynorsk i skrift og m.a. teaterarbeid.

Surnadal Heimbygdlag takkar Styrkår Brørs for innsatsen og lyser fred over hans minne.

For Surnadal Heimbygdlag Eivind Hasle (skrivar)

Powered by Labrador CMS