Una Langeland Gravvold (f.v.) frå Surnadal Ungdomsråd, Anne Lise With Wullum frå Surnadal kommune, ordførar Margrethe Svinvik og styreleiar Vidar Ulvestad i Surnadal Idrettslag oppfordrar folk til å delta aktivt i TV-aksjonen 2020. - Plastflaskene er med som illustrasjon, for å symbolisere at vi, som forbrukarar, og spelar ei viktig rolle i kampen mot plast, seier With Wullum.

Ber folk gripe sjansen for ei god sak

TV-aksjonen 2020 er rett rundt hjørnet, og i år vert den digital.

Publisert Sist oppdatert

Årets TV-aksjon på NRK skal, gjennom å etablere og betre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske i Søraust-Asia, bekjempe plast i havet.

Kvart år hamnar åtte millionar tonn plast i havet, og på globalt nivå er det rekna at kvar person i snitt for å seg fem gram plast kvar veke - dette tilsvarar vekta av eit bankkort.

WWF står bak aksjonen "Et hav av muligheter", der midlane går til øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Saman med lokalbefolkinga, myndigheiter og næringsliv tek WWF mål av seg til å redusere bruken av unødvendig plast. Som del av aksjonen skal dei difor samle inn og resirkulere søppel, som i dag ender opp i naturen, og jobbe for at avgjerdstakarar forpliktar seg til å nå WWF sitt mål om null plast på avvege i 2030.

Her kan du lese meir om kva pengane frå årets aksjon går til.

Illustrasjon: Store mengder forurensing og søppel omkranser fiskebåtene.

På grunn av korona blir det ikkje bøssebering dør til dør i år, men fredag inviterte ordførar Margrethe Svinvik og Anne Lise With Wullum frå Surnadal kommune, Una Langeland Gravvold frå Surnadal Ungdomsråd og Vidar Ulvestad frå Surnadal Idrettslag til pressetreff. Der informerte dei om korleis innbyggjarane kan bidra i tv-aksjonen i år, og understreka viktigheita av saka inntektene går til.

Reint praktisk kan du bidra ved å støtte innbyggarbøssa som kommunen har oppretta. Det er TV-aksjonen som eig kontoen til innbyggarbøssa, som du finn ved å trykke her.

– Samanliknar ein 1976 med i dag, er heile 36 prosent av alt marint liv vekk, seier With Wullum, som spesielt oppfordrar ungdommen til å involvere seg i aksjonen.

– Når koronaen no har gjort at aksjonen blir digital, utan fysiske bøsser, er det klart at vi treng SoMe-generasjonen og dei digitale ferdigheitene deira. Vi håpar difor at ein del unge, og andre, opprettar eigne, digitale bøsser på www.blimed.no.

Ordførar Svinvik ber folk gripe moglegheita til å bidra.

– I tillegg til innbyggarbøssa håpar vi at til dømes bedrifter, lag og organisasjonar opprettar sine eigne bøsser, og kanskje konkurrerer mot andre bedrifter om å samle inn mest til denne gode saka, seier ho.

Langeland Gravvold og Ulvestad bekreftar at både ungdomsrådet og idrettslaget har planer om å opprette eigne bøsser. Begge lovar å hoppe i havet for ei god sak, dersom dei innsamla beløpa vert høge nok.

– Ja, får vi inn 30 000 kroner via Surnadal IL si bøsse hoppar eg i havet her på Kalkstranda, seier SIL-styreleiar Vidar Ulvestad.

Illustrasjon: En selunge har fått et garn rundt halsen.

Meir informasjon om innbyggarbøssa og tv-aksjonen finn du på denne Facebook-sida, oppretta av Surnadal kommune.

Dei digitale bøssene blir ståande opne ei tid også etter sjølve TV-aksjonsdagen 18. oktober.

Powered by Labrador CMS