Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

To tørre furutrær, gadder, med andre trær rundt.
Gammel skog furu gadd

Dalan naturreservat i Surnadal: utvida høyringsfrist

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal forlenger høyringsfristen for Dalan naturreservat i Surnadal kommune til 28. april. Bakgrunnen er at to grunneigarar har tilbydd 321 daa skogsmark etter at høyringa har starta. Dette skriv Statsforvaltaren i ei pressemelding.

Tilbodet frp dei to grunneigarane omfattar om lag samme naturtypar som i første tilbod, og det vil gje ei betre arrondering av naturreservatet, skriv Statsforvaltaren. Det vil heller ikkje påverke andre samfunnsinteresser, bortsett frå at to hytter vert liggande som ikkje-verna areal inne i naturreservatet. Det er teke omsyn til at desse hyttene treng veghogst og uttak av vatn i framlegget.

I høyringsdokumentet heiter det m.a.: «Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)) vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 % av skogarealet. I februar 2024 var om lag 5,3 % av skogarealet og ca. 4,0 % av den produktive skogen verna i Noreg. Det er eit nasjonalt miljømål at «et representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar». Vern av skog er også viktig for å nå fleire av dei andre miljømåla, til dømes at «utrydding av trua artar i skog skal opphøyra og status for artar i nedgang skal ha blitt forbetra innan 2020» og at «mangfald av naturtypar i skog skal bli tatt vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle stadeigne artar finns i levedyktige bestandar».

Statsforvaltaren fekk tilbod om frivillig skogvern på gnr/bnr 63/1, 64/1 og 64/5 i Dalan i Surnadal kommune. Det omfattar eit areal på ca. 1389 daa. Seinare fekk Statsforvaltaren eit supplerande tilbod på 321 daa på gnr/bnr 63/2 og 4. Etter avklaring med ALLSKOG og Miljødirektoratet vil Statsforvaltaren inkludere dei supplerande tilboda i pågåande høyring, med ein forlenga frist.

Meir informasjon og kart over området finn ein på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider.

Powered by Labrador CMS