Historieprosjekt på Surnadal vidaregåande skole:

Surnadalsøra før og no

Gamle motiv fotografert på nytt

Publisert Sist oppdatert

Elevane på vg3 studiespesialisering på Surnadal vidaregåande skole har denne hausten hatt eit lite fotoprosjekt gåande i historietimane. Der har vi teke utgangspunkt i eit utval gamle bilete frå Surnadal, og så freista å fotografere dei same motiva slik dei ser ut i dag. Nokre av resultata kan du sjå bilete av i denne saka.

I historiefaget er vi opptekne av endringar. Kva er det som endrar seg? Kva endrar seg fort og kva treng lengre tid, eller kanskje ikkje endrar seg i det heile? Og, ikkje minst: kvifor skjer det endringar? Historie på vg3 tek føre seg dei siste om lag 250 åra av historia vår. Dette er den perioden der den moderne verda har vakse fram. Her er det svært omfattande endringsprosessar som har funne stad, og dei har skjedd i vårt lokalmiljø like mykje som andre plassar. Særleg mykje har dessutan skjedd i løpet av dei siste om lag 50-100 åra, som er det tidsrommet vi har bruka bilete frå.

Sjå biletkommentarar med eksempel på noko av det vi fann ut: P

Innkjøringa til Skei

- I venstre biletkant: dyrkajord har vorte til butikksenter med tilhøyrande parkeringsplass. Dette viser overgang frå eit samfunn i stor grad basert på jordbruk og ganske høg grad av sjølvberging, til eit samfunn der alle kjøper alt dei treng, og der handel og tenesteyting er den viktigaste næringa. Det siste kjem også til uttrykk gjennom at fleire andre butikkar og ulike typar kontor etc finst i det nyaste biletet.- Kulturhus og lokale med mellom anna dansestudio i fotografiet frå 2020 fortel om eit samfunn der fritidsaktivitetar er vortne viktigare og meir organisert.- I det nye biletet er mykje både av butikkar, serviceinstitusjonar, offentlege kontor osv samla på ein plass (også ein god del like utanfor biletkanten). Dette fortel om eit samfunn der mykje er blitt sentralisert.- Vegen er oppgradert, mellom anna med asfalt, og bensinstasjonen er kraftig utvida. Dette viser noko om kor mykje større plass bilar og anna motorisert ferdsel har fått.

Innkjøringa til Skei før og no

Oversiktsbilete Skei

Her gjeld mykje av det same som på biletet frå innkjøringa til Skei. Vi ser at eit hovudsakleg landleg landskap, heilt har skifta karakter. Det har kome mange bygningar av ulikt slag (næringsbygg, butikkar, kontorbygg, bustadar, osv), og elles vegar og parkeringsplassar etc. Vi kan særleg merke oss bustadområda, både i framgrunnen der fotografen står, og Buhagan i lia i bakgrunnen; dette fortel om folketalsauke og at fleire buset seg sentralt, der også fleire av arbeidsplassane no er samla. Det at hus blir samla i bustadfelt, fortel også noko om at bustadutbygginga har gått føre seg etter ei plan der mange omsyn har vore teke, og dette, det vi kan kalle eit plansamfunn, er og typisk for den moderne tida vi lever i.

Oversiktsbilete Skei før og no

Surnadalsøra

Ein del endringar finn vi i desse bileta også, men hovudinntrykket er at mykje er ganske likt. Hovudforklåringa på det er jo at Øra gikk frå å vere eit sentrumsområde til ikkje å vere det, når Skei overtok den rolla i staden. Om Øra hadde fortsett å vere sentrum, ville vi nok hatt mange fleire butikkar og andre servicetilbod, offentlege kontor osv., og for desse føremåla ville vi hatt ei rad nye og meir moderne bygningar, og mykje av det gamle ville ha vore rive. Det var fleire årsakar til at Øra mista den rolla det hadde hatt tidlegare. Ein omfattande brann i 1938 øydela mykje, men også endringar i tida spelte inn. Først og fremst kanskje at varetransporten i stor grad vart flytta over på bil i staden for båt. I tillegg blei det også litt trongt her, og dette igjen heng saman med aukande folketal og at den nemnde utviklinga innanfor handel og service, sentralisering av offentlege funksjonar osv, kravde meir plass. Tenk deg f.eks Kulturhuset plassert på Øra, eller dei ulike butikksentra. I vår tid er det også blitt viktig for mange å ta vare på det vi har av minne om gamle dagar, og det er enda ein vesentleg grunn til at dei to bileta er såpass like som dei er.

Surnadalsøra før og no

Øyebrua

Det gamle biletet er teke i 1920; brua på det biletet var bygd i 1909, etter at ei enno eldre ei var teke av isflaum. I dag: inga bru på staden lenger, men nokre av restane er teke vare på som ein form for kulturminne. Den Øye-brua vi har i dag, vart bygd fordi den gamle ikkje lenger tolde belastninga av den moderne motorferdsla, at den var for smal og elles hadde for liten kapasitet og at den låg ulagleg til når nye vegtrasear skulle leggast. Restane av den gamle brua fortel med andre ord mykje om eit samfunn der samferdsel har vorte noko heilt anna enn det det ein gong var.

Øyebrua før og no
Powered by Labrador CMS